Arbeidsbussen
Det var ingen andre som var ute i så god tid som eg, og no måtte eg klare meg åleine.
Eg har aldri vore særleg god til å nytte kollektivtilbodet. Men då eg gjekk i lære, hadde eg ikkje noko val, det var ingen andre måtar å kome seg til arbeid på enn å ta buss saman med resten av arbeidsfolket. Eg hugsar korleis eg grua meg til den fyrste morgonen. Sov ikkje skikkeleg om natta, låg og fabla og såg føre meg at alt gjekk gale. At dei lo då eg kom inn på bussen, og at det ikkje var nokon ledige sete, slik at eg måtte stå og halde meg i hattehylla heile turen.
Det er mogleg eg var vekke nokre timar, men det kjendest ikkje slik. Rett før vekkjarklokka skulle ringje, slo eg ho av og stod opp og gjekk inn på badet og tok på meg dei varme kleda som låg på golvet. Pappa var vaken alt og stod på kjøkenet med eit lurt smil. Han skulle same vegen som eg, så etter frukost køyrde me til sentrum. Eg hoppa av på busshaldeplassen og vinka til pappa då han køyrde vidare. Det var ingen andre som var ute i så god tid som eg, og no måtte eg klare meg åleine. Etter ti minutt hadde det framleis ikkje kome nokon andre, og eg byrja å frykte at eg stod på feil haldeplass. Men det var ingenting å gjere med det, det var her pappa sleppte meg av.
For at det skulle vere lett for bussjåføren å få auge på meg, om eg då stod på rett stad, stilte eg meg opp eit godt stykke frå venteskuret, halvvegs ut i vegen. Der kunne han ikkje unngå å sjå meg. Det var merkeleg at dei andre ikkje kom. Når ein ikkje søv skikkeleg, er det fort gjort at det blir surr. Kanskje hadde eg sett feil på klokka, men då hadde vel pappa reagert òg? Det gjekk to bussar, den eine kom litt før den andre og skulle til ein heilt annan stad. Eg måtte ikkje ta feil. Tenk om begge bussane hadde køyrt alt?
Men så kom dei andre som skulle med bussen, i grevens tid, som det heiter. Profesjonelle arbeidsfolk som hadde ei heilt anna timing på morgonrutinane enn eg. Like etterpå kom bussen, og eg fylgde berre straumen inn utan å ane kor eg kunne setje meg. Det var faste plassar, såpass visste eg, det var ikkje berre å kome som ny og ta seg til rette. Kanskje var det som på skulebussen, at dei flinke og skikkelege sat framme, rake i ryggen, og lengst bak sat dei tøffaste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.