JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Anoreksien som sidepassasjer

Då Margreth Olin søkte om midlar til å skape dokumentaren Selvportrett, skreiv ho i alle søknadar at dei skulle følge Lene Marie Fossen på vegen ut av anoreksien. Slik gjekk det ikkje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Margreth Olin har regissert dokumentaren om fotograf Lene Marie Fossen.

Foto: Emma Johnsen Rødli

6977
20200110

Margareth Olin

Fødd 16. april 1970, oppvaksen på Stranda, bur i Oslo

Debuterte som dokumentarfilmskapar med I kjærleikens hus i 1995. Har sidan regissert blant anna Barndom (2017) og Mannen fra Snåsa (2016)

Aktuell med dokumentaren Selvportrett, saman med Espen Wallin og Katja Høgset

Dokumentarfilm

emmejrodli@gmail.com

Margreth Olin sit på Pascal ved Filmens hus i Oslo. Der har det nett vore pressevisning av filmen Selvportrett. Filmen er resultatet av fem år med opptak frå livet til Lene Marie Fossen (1986–2019), som var ein lovande fotograf i tjueåra. Dokumentaren følger Fossen frå merksemda rundt fotografia hennar voks, samstundes som ho vart sjukare og sjukare av anoreksi. Sjukdommen hadde ho slite med frå ho var ti år gammal. I oktober i 2019 døydde Fossen av påkjenninga kroppen hennar hadde fått på grunn av underernæring. Nokre veker før fekk ho sett den ferdige versjonen av filmen.

I arbeidet med Selvportrett har Olin vore produsent og hatt regi saman med Espen Wallin og Katja Høgset. Wallin hadde alt filma Fossen i tre år då Olin vart med i arbeidet med filmen.

– Espen vart kjend med Lene for ti år sidan. Han er fotograf og lærar og såg talentet hennar tidleg. Han spurde om han kunne følge henne på ei fotoreise ho skulle gjere til Hellas. Espen visste at Lene var sjuk, men det var bilda hennar han var opptatt av.

Etter kvart vende Wallin seg til potensielle samarbeidspartnarar for å få finansiert ein dokumentarfilm om Fossen. Etter fleire avslag kom han til Olin. Ho såg potensial i filmen og meinte det kunne bli ein kinofilm.

– Kvifor trur du han fekk nei frå dei andre han spurde?

– Berøringsangst. Eg trur ikkje han fekk nei på grunn av kunsten til Lene, for eg trur at alle med ei viss kunstinnsikt vil sjå at ho hadde talent. Men det at ho var så sjuk, gjorde at folk hadde angst for å ta i historia hennar. Mange vegrar seg for å gå tett på nokon som er alvorleg psykisk sjuke.

Kunst før sjukdom

Fossen laga først og fremst portrett og sjølvportrett. I sjølvportretta brukte ho den utmagra kroppen sin som modell. Resultatet vart det Olin meiner er eit uttrykk for ei allmenn liding som fleire kan ta inn over seg. Det var desse bilda som gjorde at Olin meinte filmen var verd å lage.

– Vi ser ein person som isceneset seg sjølv, men som gir ærleg uttrykk for ei indre smerte. Ho løfta smerta som ho har i seg til å bli allmenngyldig. Ho hadde berre denne gåva, for ho var jo sjølvlært. Ho kunne ikkje kunsthistorie, og ho var for sjuk til å gå på skule etter ungdomsskulen. Ho har gøymt seg på familiegarden på Kolbu og lært alt sjølv, for ho har det i seg.

– I dokumentaren seier Fossen at ho ikkje vil ha merksemd for sjukdommen, men for bilda sine. Har de har klart å formidle kunstnaren Lene?

– Ja, det er det vi har prøvd på. Og eg trur vi har klart det. Det er eit portrett av ein kunstnar, og det er eit portrett av ein dødeleg sjukdom. Men vi har aldri vore i tvil om kva av dei to linene i filmen som har forrang. Det er for meg ein film om skapar- og overlevingskrafta i kunst. Det er jo når lyset i dei blir borte og ein ikkje klarer å skape lenger, at nokre kunstnarar tek livet sitt. Lene hadde denne glitrande evna til å skape, heilt til kroppen braut saman. Filmen handlar ikkje om ein person med anoreksi som tar bilde, men om ein kunstnar som har anoreksi.

– Likevel kunne de vel ikkje ha unngått å seie noko om sjukdommen?

– Absolutt ikkje. Filmen heiter jo Selvportrett, og det er hennar blikk på sjukdommen eg er interessert i. Det er inga romantisering. Sjukdommen er kanskje den jævligaste eg har vore borti. Det er som om sjukdommen er ein levande organisme som går til åtak på det friske sinnet. Denne sjukdommen skaper tvil i henne heile tida, riv henne ned og tar frå henne retten til å ete. Vi kunne laga ein film om berre anoreksi, men det Lene framheva, var at om ei som ho skal klare å komme seg ut av ein slik sjukdom, må ho bli sett som det heile mennesket ho er. Og det er der vi har lagt filmen.

Det heile mennesket

Olin meiner kunsten skulle vore brukt meir i behandlinga av Lene, fordi kunsten var ein ventil ho kunne uttrykke kjenslene sine gjennom.

– Med anoreksi følger mykje skam og skyld, men då Lene tok bilde, var ikkje dei kjenslene framme hos henne. Hadde ho på eit tidleg tidspunkt hatt ein behandlar som hadde følgt henne lenge nok til å ta tak i den åra hennar, slik at ho fekk brukt det utløpet, ville det kanskje blitt annleis. Ho sa jo at alle vart så redde når ho var så ekstremt tynn. Dei ville berre fikse det, og då greip dei gjerne til tvang for å få vekta opp att. Men det avgjerande i behandlinga av folk med anoreksi er at ein må legge vekt på det som er grunnen til at dei ikkje et. I bilda til Lene uttrykker ho smerte over det ho ber på. Tenk om nokon hadde lagt vinn på å forstå denne smerta? Eg vonar filmen kan føre til at fleire behandlarar ser heile mennesket.

No vonar Olin at historia til Lene kan gjere det lettare å snakke om psykisk sjukdom.

– Arbeidet med filmen har vore så sterkt at det blir lenge til eg regisserer ein dokumentar om menneske som har det så vanskeleg, igjen. Om nokon gong. Men eg er jo glad for at Espen kom til meg. Eg håpar filmen vil opne for at vi kan snakke meir om psykisk helse. Og det må vi ikkje vere redde for å gjere. Bidraget til Lene er viktig, for ho har vore sjuk så lenge. Ho kan seie noko om kva behandling som fungerer og ikkje.

Uventa avslutning

Eg reknar med at du ikkje såg føre deg at Lene skulle døy då de starta prosjektet?

– Nei, alle søknadene våre fortel at vi skal følge Lene på vegen ut av sjukdommen. Uansett kor lang tid det tar. Det var det vi ønskte og håpa. Tidleg i filmen, då ho møtte fotografen Morten Krogvold og ho stilte ut på Nordic Light, som er ein internasjonal fotografifestival i Kristiansund, tok det til å gå bra for Lene. Men så vart ho påkøyrd av ein bil i Hellas og fekk ein kraftig nakkeskade, med smerter og synsforstyrringar. Ho mista ikkje håpet, men alt vart mykje tøffare for henne.

– Filmen vart ferdig litt før Lene gjekk bort.

– Ja, vi tok til å klippe filmen i januar i fjor. I sommar fekk Lene og familien sjå filmen og komme med innspel. Dei vart sterkt rørte av filmen, alle tre. Vi var ferdige med filmen nokre få veker før Lene døydde. Ho fekk sjå han igjen, og ho syntest han var nydeleg. Det var ingenting ho måtte endrast. 

– Det høyrest ut som eit veldig personleg prosjekt?

– Det er forferdeleg trist at ho er borte. Og det vart stille med ein gong. Vi har hatt mykje kontakt, eg og Lene. Om alt. Og ho var veldig oppmerksam på meg og mitt liv. Vi hadde mykje kontakt heilt til dei siste timane før ho døydde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Filmen handlar ikkje om ein med anoreksi som tar bilde, men om ein kunstnar som har anoreksi.

Margareth Olin, dokumentarfilmskapar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis