Musikk

Anne Grete Preus (1957–2019)

Anne Grete Preus hausten 2009, då ho gav ut albumet Nesten alene.
Anne Grete Preus hausten 2009, då ho gav ut albumet Nesten alene.
Publisert

For to år sidan, då den fremste norske songteksten etter krigen vart kåra, orsaka juryen at det mellom tretti nominerte berre var fem skrivne av kvinner. Eldst av dei var «Når himmelen faller ned» av Anne Grete Preus, frå albumet Mosaikk (1998): «Det snør himmelsk korrekturlakk/ over feilstavet sommer.»

Ho dikta på eit uvant og skakt vis – ikkje flinkt og elegant, sjeldan poetisk eller banalt. Lyrikken hennar skilde seg frå songtekstar flest slik det nyveivprega tonespråket hennar skilde seg frå pop- og visemelodiar.

Det er nærliggjande å tenkja på teksten ho for ti år sidan skreiv om dauden, i songen «Der veien slutter (begynner horisonten)» (Nesten alene, 2009): «Jeg vet oppholdstillatelsen på kloden vår/ ikke alltid forlenges med ønsket antall år/ Men frykten blir aldri så krass/ for kommer døden hit har vi to byttet plass/ Da har jeg dratt tilbake dit jeg kom fra/ før jeg ble lagt ved døpefonten/ Der veien slutter begynner horisonten.»

Jens Bjørneboe

Av di ho gjekk føre, tok det tid for henne å finna ein veg. Som ung songar, skrivar og ytrevenstreaktivist i Veslefrikk, med albumdebut i 1978 på det AKP-prega og Forlaget Oktober-eigde plateselskapet Mai, nytta ho ei diktarrøyst som låg langt frå kven ho vart som vaksen.

Då utopistane laut reorientera seg i røynda etter revolusjonsåra, synte Preus eit sannare eg. Ikkje alle makta det. Avradikaliseringa hennar fann ein naturleg veg om den samstundes anarkistiske og kulturkonservative Jens Bjørneboe og dei Bertolt Brecht-inspirerte syngjespeltekstane hans, etter kvart lesedikta hans òg – fyrst i ei oppsetjing på Centralteatret, sidan på solodebutalbumet Fullmåne (1988). I arbeidet med Bjørneboe-lyrikken, mellom det beste i norsk songlyrikk, utvikla ho ei eiga røyst –?og ei vidare livsorientering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement