Alt for osten

I 1977 drog 17 år gamle Pascale Baudonnel frå Frankrike til Noreg for å lære om veving. I dag er ho truleg Noregs fremste ekspert på gardsysting.

Pascale Baudonnel, her med to lam i armane, er opptatt av dyrevelferd og kritisk til at dei blir merkte med store plastbrikker i øyra.
Pascale Baudonnel, her med to lam i armane, er opptatt av dyrevelferd og kritisk til at dei blir merkte med store plastbrikker i øyra.
Publisert Sist oppdatert

Noreg har alltid vore eit osteland, men mange av gardsostane blei borte då industrien tok mjølka frå budeiene. No blomstrar ystinga igjen. I 2016 blei Kraftkar frå Tingvollost kåra til verdas beste ost, og i 2018 gjekk Lagret Fanaost frå Ostegården til topps. I oste-VM i fjor blei 41 norske ostar premierte.

Ei vi kan takke for at vi har meir enn brunosten å snakke om, er Pascale Baudonnel. Etter at ho slo seg ned i Undredal i Sogn i 1983, har ho kjempa for retten til å lage ost av rå upasteurisert mjølk og verna om tradisjonelle ostar. Ho var med på å etablere Norsk Gardsost, har gått i bresjen for stølsproduksjon og har fått fleire prisar, blant anna Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris.

I år, 22. september, blei ho tildelt riddartittelen i Ordre national du Mérite Agricole, den franske fortenesteordenen for landbruket, i ein seremoni på den franske ambassaden i Oslo.

– Det var ein flott dag, fortel ho, heime igjen i vest, tilfeldigvis i det gamle huset sitt i Undredal, der son hennar bur, mens ho sjølv har flytta til ein gard i havgapet, i Solund.

– Mange gode ostevenner var med på feiringa, og halvparten hadde bunad.

Sjølv gjekk ho i ein sognebunad som ho rekonstruerte i 1985. Og etter seremonien gjekk følget ned til Aker Brygge, der ei «ostesøster», Siri Winther, driv ysteri og restaurant.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement