På tomannshand

– Alt er no eigentleg veldig enkelt

Marianne Heske stiller ut dødsbuet sitt på Aker Brygge. Og i dag fyller ho 80 år.

Marianne Heske er i god form, men trenar ikkje: «Eg orkar ikkje sånne bråkete treningsstudio. Folk ser så slitne ut i fjeset, andleta blir heilt krølla, det er sukking og stønning og pusting og pesing og sveitting. Eg går heller på tur.»
Publisert

Ho er travel, seier ho, der ho tar imot i døra til leilegheita i første etasje i Oscars gate.

– Travel, ja?

– Enormt travel! Folk ringer og vil ha meg med i radioprogram og TV-program. Det hadde eg ikkje forventa. Eg føler meg som ei rockestjerne, fullstendig, seier Marianne Heske.

Ho går inn i den fyrste stova, ser seg ikring, seier:

– Her var det kaos.

– Før flyttinga, legg ho til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement