Diktet

Alfonsen til Ingvar Ambjørnsen

Diktet er typisk for Alfons Jørgensen. Det eig ein umiskjenneleg nordisk noir-tone, skriv Ronny Spaans.

Publisert Sist oppdatert

Kjenner du forfattarskapen til Ingvar Ambjørnsen, dreg du kjensel på denne Alfonsen. Det er Alfons Jørgensen, frå den tredje romanen Ambjørnsen skreiv om Elling: Brødre i blodet (1996).

Elling og Alfons møtest på ein poesikveld på Cafe Nordraak i Oslo. Der blir Elling provosert av dikt som blir lesne opp, og finn trøyst hjå den løyndomsfulle poeten Alfons. Slik skildrar Ambjørnsen han: «Flere tiår tidligere har han gitt ut to kritikerroste samlinger – før han så brått, og av grunner ingen kjenner, har parkert lyrikken og pennen for godt.»

Men mange år seinare, i 2018, kom det ut ei samling vers frå «det usorterte arkivet» etter poeten, saman med upubliserte dikt av Elling, Leilighetsdikt for hjemløse. Diktet nedanfor er typisk for Alfons Jørgensen. Det eig ein umiskjenneleg nordisk noir-tone, med stemninga frå eit bohemsk Oslo i seg, slik vi kjenner det frå Olaf Bulls «Det nye rum». Men også den stockholmske urmakaren og poeten Jean Fredman ville kjent seg att i diktet. Også han sov ut rusen utanfor kafear.

Den melankolsk-poetiske lengten i diktet, både ironisk og patosfull, blir boren fram i eit framandgjerande moderne byliv. Det er ikkje romantisk karjol og hest under måneskinet, men måneskinet kjem sortert og pakka med godstoget, og katten ligg der daud. Ein lett svip av retro finst i gamle Oslo-telefonnummer sist i diktet.

Lesaren skjønar sjølvsagt at Leilighetsdikt for hjemløse er ei bok Ingvar Ambjørnsen har skrive, i lag med Tom Stalsberg. Ambjørnsen byrja karrieren med dikt, i dag sjeldsynte Pepsikyss (1976), og gav berre ut éi diktsamling til – denne.

Dette er eit dikt forlag i dag utvilsamt ville ha takka nei til. Men som Elling seier: «Jeg ville være de misforståttes mann. Jeg ville aldri la meg kjøpe, aldri hausses opp av nevrotiske bibliotekarer eller bokanmeldere.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement