Ærespris til Håvard RemPoet og fast skribent for Dag og Tid, Håvard Rem, har fått Ærespris 2016.Litteratur
Poet og fast skribent for Dag og Tid, Håvard Rem, har fått Tekstforfatterfondets Ærespris 2016.
Forfattar Håvard Rem.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Tekstforfatterfondet er eit norsk fond for forfattarar av tekstar bruka i musikk. Fondet deler ut stipend finansierte gjennom kopi- og bibliotek-
vederlag. Pengane blir fordelte på prosjektstipend, reisestipend og andre støtteordningar. Men dei gjev òg ut ein årleg ærespris. Æresprisen for 2016 går til eit namn som er kjent for mange lesarar av denne avisa: Håvard Rem.
Rem er ein forfattar og poet som gjennom ei årrekkje har bidrege med songtekstar på høgt nivå til profilerte norske artistar og band, vektlegg fondet, og held fram: Rem har skrive for A-ha, Morten Harket, Sivert Høyem, Kaizers Orchestra, Jan-Ove Ottesen, Vamp, Jørn Hoel, Silje Nergaard og mange fleire. I tillegg til eigne tekstar, som har gjeve han både spellemannspris og NOPAs tekstpris, har han òg gledd artistar og publikum med gjendiktingar av Bob Dylan, Hank Williams og ikkje minst Leonard Cohen. Både Cohen på norsk og Hank Williams på norsk er utgjevne på CD.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.