Aasmund Brynildsen: Aasmund vart fødd i 1917 på Tjøme. Han var nevøen til Alf Larsen, og han debuterte som 17-åring i tidsskriftet onkelen var redaktør for, Janus, med det oppsiktsvekkjande essayet «Pablo Picasso og hans
Portrettfoto av Aasmund Brynildsen av ukjend fotograf.
Foto: Privat
Aasmund Brynildsen vart fødd i 1917 på Tjøme. Han var nevøen til Alf Larsen, og han debuterte som 17-åring i tidsskriftet onkelen var redaktør for, Janus, med det oppsiktsvekkjande essayet «Pablo Picasso og hans urbillede». Han høyrde til krinsen «Den annen front», ein krins med konservativ kulturell orientering. Han var inspirert av antroposofien, men vart aldri nokon dogmatisk antroposof. Han orienterte seg i staden i retning av mystikk og austleg inspirert kristendom.
Det viktigaste verket hans
Det mest kjende essayet er nok «Svermeren og hans demon», essayet om Knut Hamsun. Eit anna av dei meste sentrale essaya heiter «Til forsvar for mennesket». Der skriv han at det moderne mennesket fornektar seg sjølv gjennom trua på naturvitskapen. Han skriv om det paradoksale i at mennesket klandrar seg sjølv for si umenneskelege framferd. Han meinte å sjå ei slags nyting i sjølvkritikken, og ein slags panisk sjølvgodskap i all vondskapen, som han meinte hadde utvikla seg til ein sjølvoppfyllande profeti.
Kva meinte han om samtida?
Han var svært oppteken av tilhøvet mellom naturvitskap og religion, og var svært kritisk til den totale oppofringa hjå det moderne mennesket til det han oppfatta som ein einsidig destruktiv naturvitskap.
Kva innverknad hadde han på ettertida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.