Å verne eller ikkje å verneDet offentlege kulturminnevernet hindrar kulturminnevern. Det meiner artikkelforfattarane i ei ny bok,

Det offentlege kulturminnevernet hindrar kulturminnevern. Det meiner artikkelforfattarane i ei ny bok, Hus til bry. Kulturarvens kår i Norge.

Rødskolen i Melbu, som er sanert i dag. Aulaen i skulen var dekorert av Harald Petersen. Kulturminneforvaltinga kunne stogge rivinga, men tok ikkje affære.
Rødskolen i Melbu, som er sanert i dag. Aulaen i skulen var dekorert av Harald Petersen. Kulturminneforvaltinga kunne stogge rivinga, men tok ikkje affære.
Publisert

Ei ny bok er komen ut, Hus til bry. Kulturarvens kår i Norge, og ho er ikkje lysteleg lesnad. I denne antologien kjem aktivistar, arkitektar og antikvarar og kulturhistorikarar med vitnemål om møte med elendig forvaltning i norsk kulturminnevern.

Historiene dei fortel, er samla av ein av dei mest kjende bygningsbevararane i Noreg, Else Sprossa Rønnevig, som mellom anna er spesialist på gamle vindaugo. Ho ber difor tilnamnet «Sprossa».

Rønnevig er ikkje berre initiativtakar til bokprosjektet, men òg bokutgjevar. Det er 31 bidrag i boka. Mange dreg kjensel på namna til bidragsytarar, som Ola H. Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Erling Okkenhaug, aktivisten som er kjend som «sørlandsrefsaren», og Ulf Andenæs, tidlegare kulturredaktør i Aftenposten.

Somme av debattane som det blir referert til, er alt kjende i norske medium, som striden kring Y-blokka i regjeringskvartalet og kring det planlagde «Dødshuset» til kunstnaren Bjarne Melgaard på Ekely. I boka finst det òg artiklar av meir informativ art, som «hjelpeverktøy til kommuneansatte» av Ole Ingemann Bording.

Her vil vi ta føre oss debattar som går beint inn på temaet.

– Målet med boka er å setja i gang ein heilt naudsynt debatt om kulturarv og vern i Noreg. Ho er basert på både min frustrasjonen og frustrasjonen hjå andre. I år feirar vi det europeiske kulturarvåret 2018, men boka vår røper at det heller er grunn til gremjing enn feiring, fortel Rønnevig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement