JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Å verne eller ikkje å verne

Det offentlege kulturminnevernet hindrar kulturminnevern. Det meiner artikkelforfattarane i ei ny bok, Hus til bry. Kulturarvens kår i Norge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rødskolen i Melbu, som er sanert i dag. Aulaen i skulen var dekorert av Harald Petersen. Kulturminneforvaltinga kunne stogge rivinga, men tok ikkje affære.

Foto: Pål Fondevik

9446
20180817
9446
20180817

KULTURARV

ronny@dagogtid.no

Ei ny bok er komen ut, Hus til bry. Kulturarvens kår i Norge, og ho er ikkje lysteleg lesnad. I denne antologien kjem aktivistar, arkitektar og antikvarar og kulturhistorikarar med vitnemål om møte med elendig forvaltning i norsk kulturminnevern.

Historiene dei fortel, er samla av ein av dei mest kjende bygningsbevararane i Noreg, Else Sprossa Rønnevig, som mellom anna er spesialist på gamle vindaugo. Ho ber difor tilnamnet «Sprossa».

Rønnevig er ikkje berre initiativtakar til bokprosjektet, men òg bokutgjevar. Det er 31 bidrag i boka. Mange dreg kjensel på namna til bidragsytarar, som Ola H. Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Erling Okkenhaug, aktivisten som er kjend som «sørlandsrefsaren», og Ulf Andenæs, tidlegare kulturredaktør i Aftenposten.

Somme av debattane som det blir referert til, er alt kjende i norske medium, som striden kring Y-blokka i regjeringskvartalet og kring det planlagde «Dødshuset» til kunstnaren Bjarne Melgaard på Ekely. I boka finst det òg artiklar av meir informativ art, som «hjelpeverktøy til kommuneansatte» av Ole Ingemann Bording.

Her vil vi ta føre oss debattar som går beint inn på temaet.

– Målet med boka er å setja i gang ein heilt naudsynt debatt om kulturarv og vern i Noreg. Ho er basert på både min frustrasjonen og frustrasjonen hjå andre. I år feirar vi det europeiske kulturarvåret 2018, men boka vår røper at det heller er grunn til gremjing enn feiring, fortel Rønnevig.

Det fyrste vitnemålet kjem frå Rønnevig sjølv. Ho fortel korleis ho følte seg svikta av kulturminneforvaltninga i sin eigen heimby.

Møglestu Gård

Møglestu Gård er kjend i Lillesand. Den gamle kongsgarden har tent mange føremål opp gjennom historia: tingstad, postgard, tilhald for kommunestyret og husmorskule. Rønnevig var sjølv elev ved skulen i 1959.

Det markante hovudhuset er frå 1805. Det er omkransa av eit stort grøntområde som tidlegare fungerte som ein engelsk park. At det er eit viktig kulturminne, er det ikkje tvil om, for bygningen vart freda alt i 1923, då den fyrste fredingsrunden i Noreg bar til.

Men så kom sjokket: I 2014 regulerte Lillesand inn 35 bueiningar i parken kring hovudhuset – ein privatiserande «landsby» midt i eit nasjonalt kulturminne.

Rønnevig ville stogge planen. I lag med fire andre aktivistar tilbaud ho seg å overta Gamle Møglestu Gård og etablere ei stifting – laget bad om å få kjøpe eigedomen for éi krone og samtidig om ein startkapital på 3 millionar. Ho søkte òg hjelp i forvaltninga: ho bad Riksantikvaren setja i verk ei mellombels freding av parken.

Rønnevig meinte det var dekning for freding i kulturminnelova paragraf 19, fyrste ledd, som handlar om sikring av omgjevnaden kring eit freda objekt.

Det førte til møte mellom Riksantikvaren og kommunen. Resultatet var berre ein reduksjon i talet på bueiningar, til 20 stykke.

– Forvaltninga svikta i alle ledd. Dei burde ha bede om ei uhilda konsekvensanalyse for å klargjera følgjene av utbygginga, seier Rønnevig.

Kommunen sa òg nei til tilbodet om selja eigedomen til henne og dei andre aktivistane. I dag har det gått tre år sidan dei kom med tilbodet. Gamle Møglestu gård er enno i stor fare, og kommunen har bruka store summar på konsulentarbeid, meir enn dei tre millionane aktivistane bad om til startkapital.

Rødskolen i Melbu

I Lillesand galdt saka eit krav om mellombels freding som lovverket opna for, men som ikkje vart gjennomført. Ei liknande sak finn vi i striden kring Rødskolen i Melbu – eit modernistisk skulebygg der heile aulaen var full av dekorasjonar av kunstnaren Harald Peterssen. Utsmykkinga var fullført i 1963.

Det kom vedtak om sanering av skulebygget, kunstnaren sende sjølv varsku til Riksantikvaren, som sende det vidare til fylkeskommunen. Sistnemnde konkluderte at skulekunsten ikkje var av nasjonal verdi, og at freding dermed var uaktuelt. Men i boka blir mangelfull saksbehandling avslørt: Fylkeskommunen svara utan å synfara skulen, utan å greie ut spørsmålet og utan å grunngje standpunktet.

På kulturvernfagleg grunnlag kunne fylkeskommunen bruke verkemiddel i plan- og bygningslova til å stogge rivinga. Men dette tagde dei om, fylkeskommunen avgrensa saka til eit spørsmål om freding etter kulturminnelova.

Rødskolen vart riven i 2016.

Tingvollen i Stryn

Eit anna døme, men med positivt utfall, finn vi i artikkelen om det historiske Tingvoll-området i Stryn. Området var tingstad i mellomalderen og rommar to gravhaugar. Der står òg den karakteristiske Lensmannsgården frå 1932, som er i sveitserstil. Tilgrensande til dette området finst det kulturhus, symjehall og idrettshall. Kommunen har behov for å utvide desse bygga, og det skal gå føre seg på Tingvoll-området. Det vil medføre bygging på historisk grunn og nedbygging av sveitserhuset.

Ein miljøplan frå 1994 tilsa at dette området bør undersøkjast arkeologisk, slik at ei eventuell freding eller, på den andre sida, frigjering til utbygging kunne avgjerast.

Det kravet vart ikkje stetta av kommunen. Kvifor? Stryn kommune har ingen separat kulturetat, kulturetaten er lagd inn under skuleetaten. Det tyder at saksfelta skule, idrett og kulturvern blir handsama av same etat.

På fylkesnivået kom det derimot protestar: ei utviding vil truge eit «kulturnivå av nasjonal verdi». Fylkeskommunen føreslo difor freding av området. Men kommunen reagerte med vantru og pressa fylkeskommunen til trekkje vurderinga.

Etter eit par år med tautrekking mellom partane, greip endeleg Riksantikvaren inn: I mars 2012 sende tilsette hjå Riksantikvaren ut eit endeleg fredingsvedtak.

Om Stryn kommune har eit freda område som av er nasjonal verdi, finst det enno ingen sjølvstendig kulturminnekompetanse i kommunen.

Lokaldemokratiet

Boka inneheld fleire døme på svikt i forvaltninga, både på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå. I Lillehammer får vi høyre at kommunen sviktar og ikkje fylgjer opp føringar frå fylkeskommunen om vern av ein bygard i Storgata 81 som vart skadd i brann, men som eigaren no lèt forfalle, slik at han kan byggje nytt på tomta.

Det naturlege hadde vore ein rekonstruksjon av huset. Forfattar Sindre Nygård peikar på ein heimel i kulturminnelova og i plan- og bygningslova som kommunen bør bruke for å straffe eigaren. Men også i dette tilfellet vrid forvaltninga seg unna.

Forfattarane av Hus til bry peikar på mange skortar i kulturminnepolitikken – eit viktig moment er det faktum at mange kommunar ikkje har kulturminneplanar. Astrid Marie Holand skriv til dømes at berre 2 av 44 kommunar i Nordland fylke har ferdige kulturminneplanar.

To andre viktige moment gjeld eit vedtak i departementa, overføring av makt frå statleg til regionalt nivå, og fråvær av ein tydeleg Riksantikvar. Vi skal dvelja litt ved desse momenta.

Ei regionreform som Stortinget og regjeringa har sett i gang, inneber at ansvaret for kulturminnevern blir flytta frå Riksantikvaren ut til det regionale folkevalde nivået, altså til dei nye store fylkeskommunane. I rapporten til ekspertutvalet knytt til reforma heiter det: «Dette skal gjøre feltet enklere og mer oversiktlig for eiere, eiendomsutviklere, kommuner og andre.» Som Astrid Marie Holand peikar på: Har ikkje eigarar og eigedomsutviklarar allereie stor makt? Er det ikkje fagkompetanse som bør tileignast meir vekt? Døma ovanfor stadfestar dette: I Lillesand er kommunen både eigar, reguleringsmakt og utviklar av Møglestu gård. I Lillehammer kan eigaren av bygarden i Storgata gjera som han vil, jamvel om det er brotsverk ifylgje plan- og bygningslova.

Ein kan samtidig vise til det faktum eigedomsutviklarar ofte er nasjonale aktørar som COOP. Det nyttar ikkje då å overføre makta til veike aktørar på lokalt og regionalt nivå. I slike tilfelle må ei sterk nasjonal makt som Riksantikvaren gripe inn.

Riksantikvaren

Gjer Riksantikvaren det? I Stryn skjedde det med naud og neppe. Forfattaren av artikkelen om Rødskolen i Melbu, Vegard Lie, skriv at «ved å svekke sin autoritet har Riksantikvaren gjort seg selv mer irrelevant på de arenaer der kulturminnevernet utøves».

Vi er dermed inne på ein diskusjon som har gått føre seg i media i mange år. Fleire kritikarar meiner at noverande riksantikvar Jørn Holme har vore unnvikande og konfliktsky. Lotte Sandberg var tidleg ute med kritikk i Aftenposten alt i 2012. Stillinga som riksantikvar er ei seksårig åremålsstilling. Holme sat i stillinga i andre perioden, men har no slutta, tre år før åremålsstillinga gjekk ut.

Mange er difor spente på kven som tek over embetet. Else Sprossa Rønnevig er ein av dei.

– Jeg hadde Jørn Holme på besøk på husmannsplassen Hesthagen i fjor og då uttrykte eg stor misnøye over at han ikkje greip inn med mellombels freding i kampen kring Møglestu Gård. Det oppfatta eg som lite modig, kall det gjerne feigt. Eit kulturminne av nasjonal verdi bør ha ein vaktar som torer å stå i stormen når det gjeld som mest.

– Komande Riksantikvar bør vera fagleg god, handlekraftig, modig, tydeleg og nytenkjande. Gjerne ei kvinne. Den nye reforma saman med svært mangelfull kompetanse ute i regionane vil bli eit stor utfordring for kulturarven vår. Her skal det meir enn festtalar til for å lykkast.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I år feirar vi det europeiske kulturarvåret 2018, men boka vår røper at det heller er grunn til gremjing enn feiring.

Else Sprossa Rønnevig

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ekstreme nedbørsmengder førte til ein katastrofe i Valencia i Spania 29. oktober. Minst 217 skal ha mista livet, og dei materielle øydeleggingane er kolossale.

Foto: Susana Vera / Reuters / NTB

Samfunn

Prisen for det ville vêret

I forsikringsbransjen er det langt mellom klimaskeptikarane.

Per Anders Todal

Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Husforsikring i hardt vêr

Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?

Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
PerVaglum

Vestre må avslutte konflikter og beklage

«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Tid for realitetsorientering

Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.

Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

Samfunn

Hjarte for huset

NEW YORK: Valnatta i New York kjendest som eit antiklimaks etter ei veke på reise i det som alt høyrdest ut som Trumps Amerika.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis