Teater

Å vere Lucy Barton – og Idun Losnegård

Teater Vestlands einaste fast tilsette kvinnelege skodespelar gjekk frå harde kår i London til små kår i Stongfjorden. No får ho klimpra, kosta og pusta.

Det siste året har Idun Losnegård blant anna spelt Lucy Barton og mor til Lucy Barton, romanfiguren til Elizabeth Strout som Teater Vestland har iscenesett.
Publisert Sist oppdatert

I juni fyller ho 50 år, og ho går i gang med sin 50. teaterproduksjon, Vi er brødrene Eikemo.

– Det siste året har vore svært produktivt og bra for motivasjonen, seier ho.

Ho har blant anna hatt regi på Ein herre med namnet Parkinson – av, om og med far hennar, forfattar og dramatikar Rolf Losnegård, som nyleg fylte 80 år. Ho har spelt mora i Brørne Løvehjarte og hovudrolla i Martin McDonaghs psykologiske thriller Putemannen. Putemannen er krevjande, ambisiøst teater der ho er på scena i nær to og ein halv time utan pause.

– Då er det fare for at nervane kjem i vegen for konsentrasjonen, vedgår ho.

Ifølge meldaren i Bergens Tidende er det snakk om «skuespill i toppdivisjonen», mykje takka vere «Idun Losnegård som jeg aldri har sett ha en dårlig dag på jobb». Publikum blir «mørbanket følelsesmessig».

Losnegård meiner teater er viktigare enn nokon gong.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel