JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

A priori

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6886
20190308
6886
20190308

Eg går tur i snødrevet, og eg likar at det blæs og at snøen fyk; eg går med frakk og eit skjerf som eg kjøpte i Berlin; det er meir eit pledd enn eit skjerf, på hovudet har eg ei ny lue frå Svalbard, ettersom eg har vore der i to månader, og på Svalbard i oktober–november går det ikkje an å opphalde seg ute utan å bruke lue; ho er sydd av ull, possum og silke; teikna på Svalbard, men tilverka i New Zealand; det var vel difor ho var så dyr, men ho varmar.

Det kjenner eg utan å kjenne etter, eller eg treng ikkje kjenne etter, for ho kjennest varm, fordi det er noko alle veit, som ein type kunnskap utan kunnskap, at det hjelper med lue når det blæs, og er kaldt, altså ein slags, tenkjer eg, variant av det merkelege ordet a priori, dette klassiske filosofiske uttrykket som alle som har studert, har vore igjennom, via det som ein gong heitte førebuande prøve, men kva heiter det no, vent no litt, jo, ex. phil. og ikkje som den amerikanske TV-serien X-files; der var det ikkje mykje Kant, snarare utanomjordisk filosofi, viss då ikkje Kant også er utanomjordisk.

Alt dette rann meg i hug då eg på min daglege tur langs Kirkeveien såg ein gammal student frå forfattarkurset på høgskolen i Bø, som no ikkje lenger er høgskole i Bø, sidan fleire høgskolar i Søraust-Noreg har slått seg saman, ettersom det gir meir prestisje å vere universitet enn å vere høgskole, og no heiter desse høgskolane samla USN: Universitetet i Søraust-Noreg.

Denne studenten var evnerik, men ho hadde enno ikkje debutert; ho kom sikkert til å gjere det, var alltid rask til å uttale seg, i debattar, og gjere mange forlegne, nei, det er ikkje riktig, berre nokre av oss, kanskje mest meg, ved å hevde så snart ho tok ordet, på sin blendande måte, at det vi snakka om, måtte vere a priori; det minte meg om ein gammal venn som gjekk på Ås i ungdomen, då det var landbruk der, og at han alltid fekk servert av medstudentane sine, kvar gong han prøvde å seie noko: «Ja, det sa brura.»

Så kunne ho, den gamle og blendande studenten min frå tida i Bø, også lire av seg det som eg ikkje fatta i det heile teke, utan å ha ei ordbok for handa eller eit leksikon: «Syntetisk a priori.» Kva sa du, spurde eg, og ho gjentok det og sa at det kunne passe at det vi nettopp hadde diskutert, måtte vere «syntetisk a priori».

Eg hadde då spurt: Kan du ikkje fortelje oss kva du meiner, så sa ho at a priori i seg sjølv er noko som er føre kunnskapen, det vi veit utan kunnskap, som kva då, blei det spurt av ein student, og ho sa den klassiske a priori-utsegna: at «alle ungkarar er ugifte», og med syntetisk a priori så kjem kunnskapane inn, altså både det som er føre kunnskapen, og det som er fullt av kunnskap.

Og ifølge boka, heldt ho fram – og utdjupa det med syntetisk a priori; det høyrest mystisk ut, som ein merkeleg sjukdom, sa eg, men her dukka Kant opp, og ho var veldig oppteken av Kant og hadde lese mykje av han, det skal ho ha – så var det for å kunne komme med ein dom om verda; du verda, kom det frå meg, og i snødrevet med minusgrader helsenikka eg til henne med Svalbard-lua mi, men ho glodde berre rart på meg, som om ho ikkje kjende meg att; eg stoppa opp, det var langs Kirkeveien, ikkje så langt frå Ullevål; der hadde eg vore mange gonger for nokre år sidan, nokre år til, så ville heile det gigantiske sjukehuset bli borte og nedlagt, det var ikkje til å tru; eg fekk lyst til å rope til henne og seie at det var meg som ho ein gong hadde hatt som gjestelærar på forfattarkurset i Bø.

Så snudde eg meg og heldt på å gå på trynet – og tenkte på at ho, for eg såg ryggen hennar, hadde vakre og litt lange musefletter – fordi eg i eit upåakta sekund mista fokus, kunne eg av erfaring vite, før eg fall, kor vondt det er å tryne, der trong eg ikkje å bruke noko som helst a priori, om ikkje litt syntetisk a priori.

Eg greidde å halde meg på beina, ettersom eg blei ståande heilt stille, og tenkte, utan å sjå henne, at ho alltid var pen i tøyet, men eg undra meg på kvifor ho hadde blitt så oppteken av Kant, og kvifor ho ikkje alt hadde debutert; så ville ho vel skrive ei diktsamling, for det var poesi ho var oppteken av, som sikkert ville kunne heite A priori, men det var litt snålt at ho var så treg, ho som verka så kvikk.

På ein av dei få, men trivelege utestadene i Bø – som no meir og meir har blitt ein campus, ikkje serveringsstadene, men Bø; det var det ikkje den første gongen eg var gjestelærar der i slutten av 80-åra, då var Bø på bygda – «Den gode nabo», var det ofte raudvinskveldar, og det blei diskutert litteratur, og så var kantianaren der og sa rett som det var: a priori og med påfølgande syntetisk a priori. Til og med då vi snakka om Profil-gjengen, såg ho sitt snitt til å komme med sine filosofiske smular; kva som var så syntetisk a priori med Profil-gjengen, skjønte eg aldri.

Eg trur det var for å erte oss litt, ettersom ho var ein skarping, og ho meinte kanskje at vi blei for sjølvhøgtidelege og litt servile og trong at nokon sparka oss på skinnleggen med den teoritunge Kant; det må jo også seiast at ho hadde studert filosofi og ikkje litteraturvitskap, som så mange av dei andre studentane (hadde studert), og ho var eit friskt pust på Den gode nabo, det skal ho ha, trass i for mykje Kant; eg gjekk vidare langs Kirkeveien i snødrevet og kraup ned i skjerfet og ned i frakken, og likte meg godt i blåsten og kulda.

Så snubla eg i mine eigne sko, og igjen var det like før eg gjekk på trynet; eg snudde meg for å sjå om eg enno kunne sjå henne, men ho var borte, med det raude lange skjerfet og dei to museflettene som stakk ut over skjerfkanten som to smale målekostar; ho var jo eit flott kvinnfolk; og som sagt lynskarp, men eg kunne ikkje skjønne at ho ikkje alt hadde debutert, det var litt merkeleg, for det ho skreiv, var flott, og då utan eit ord om Kant.

Ein mann, eldre enn eg, trudde eg, ikkje fordi han brukte broddar, passerte meg, og eg gjekk til sida; eg hadde broddar heime, men andletet hans verka, i mine auge, eldre enn mitt, og han gjekk litt krøkt, men kven kan sjå seg sjølv utanfrå, og Kafka skriv at vi blir studerte av våre barn og granska av vår venner; kva ville vennene mine sagt om dei såg meg og denne andre kallen saman, at det verka som eg var eldst, og kva hadde min gamle student frå Bø sagt om ho hadde sett meg og gamlingen, at det var eg som var gamling, utan å ty til nokon av dei filosofiske uttrykka ho elska å omgi seg med.

Eg gjekk vidare opp Kirkeveien og såg meg tilbake på gubben, om han kom seg vidare; han stod stille og såg etter meg; det var glatt, og eg blei oppgitt over Oslo kommune som ikkje kunne brøyte og strø, der hadde dei mykje å lære av Longyearbyen; no snødde det så mykje at eg drog svalbardlua lenger ned i panna og måtte verkeleg sjå meg for kor eg gjekk.

Ole Robert Sunde

Ole Robert Sunde er forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det var litt snålt at ho var så treg, ho som verka så kvikk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis