JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Å leve før døden

Sjølv om teikneserieskapar Lise Myhre er sjenerøs med svartfargen, banneorda og tungrocken, handlar ikkje Nemi om å tilbe døden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Meir enn noko er eg nerd, og står opp fem om morgonen for å få med meg Game of Thrones, seier teikneserieskapar og illustratør Lise Myhre.

Foto: Mone Celin Skrede

7189
20190426

Bakgrunn

Lise Myhre er fødd i 1975 og er utdanna i grafisk design og kunsthistorie ved Santa Monica College of Art i California og Merkantilt Institutt i Oslo.

Teikneseriefiguren Nemi dukka opp i 1997, i bladet Larssons gale verden. Ho fekk fast stripe i Dagbladet i 1999 og eige blad i 2003.

Nattlys vert bok nr. 20 om Nemi.

Teikneseriar

mone@dagogtid.no

Lise Myhre stoppar midt i ei setning og ler høgt under ein kvit solskjerm på Ekeberg i Oslo.

– Det er som å ha ein gremlin ved sida av seg, seier ho.

Ein fransk bulldogg ved nabobordet er svært tett i nasen. Sett bort frå «gremlinen», eigaren hans, skiltet som reklamerer for nysteikte vaflar, og tyggiskuleautomaten utanfor kafédøra, er verda på veg til å bli grøn. Diktsamlinga Nattlys, bok nummer 20 om Nemi, er ein kontrast til vårsola.

Om døden ...

Myhre sjølv er bleik og svartkledd. Ikkje så ulik seriefiguren sin, som ved sida av Pondus er Noregs største teikneseriesuksess og Noregs mest omsette teikneserie. I arbeidet med dei to diktsamlingane Drømmesvart og Nattlys fann Myhre ut at stripene hennar kan delast inn i fem kategoriar.

– Kjærleik, kjærleikssorg, samfunnskritikk, død og angst, seier ho og småler.

Men så vert ho alvorleg. Fleire av tekstane i Nattlys handlar om døden og sorga som følgjer. Desse tekstene, saman med kjende dikt av Inger Hagerup, André Bjerke, Helge Torvund og Edgar Allan Poe, får dele verdsbiletet til Nemi mellom to svarte permar.

– Døden er vanskeleg. Eg har ikkje slått meg til ro med at døden er ein del av livet. Eg likar det ikkje.

Ho fortel at ho har mista mange.

– Eg mista besteveninna mi for nokre år sidan. Vi stod så nær kvarandre at vi nesten var «fast ved hofta». Det var brutalt.

Veninna vart 32 år og døydde som følgje av feil på sjukehuset.

– Sjukehustabbar, fortel Myhre at det vert kalla.

... og livet

– Du skriv mykje om døden til å tykkje han er vanskeleg?

– Mange av dei tyngre tekstene har eg skrive fordi eg har mista nokon eg er glad i. Det er fint at nokon kan kjenne seg att i det. Som den første teksten i boka seier; ein er ikkje åleine om å vere åleine. Eg trur litt dødsangst er bra, det vert ei påminning om kor dyrebar tida er. Men eg ser meg ikkje over skuldra heile tida, seier ho.

Myhre fortel at diktsamlingane har vore ein sjanse til å trekkje ut ettertanken og det litt mørkare sinnelaget ved Nemi. Men meir enn om døden, sorga og lidinga handlar boka om å leve. «Nu. Her», som André Bjerke skriv i diktet «Det haster!».

– Eg har valt dikta nettopp fordi dei ikkje er så glade og muntre. Men eg vert glad av dei.

Nattlys er òg den første boka ho sjølv er redaktør for.

– Eg kledde ein heil etasje med papirutskrifter då eg skulle velje ut dikta. Det er ei ære å få ta i slike nasjonalskattar. Og eg har ikkje så reint lite ærefrykt, seier Myhre.

André Bjerke er særskilt godt representert. 9 av dei 19 dikta i boka er hans.

– Fortel om ditt første møte med Bjerke.

– Eg leitte etter lesestoff hos tanta mi. Ho var glad i krim. Enhjørningen lyste frå bokhylla. Eg var altfor lita for den boka, men Bjerke var ein meister med ord. Han vart min mann.

Myhre voks opp på Skedsmo og vart lesen for kvar dag. Rett før ho fylte fem, lærte ho seg å lese Donald, Pellefant og Bamse sjølv, og av broren arva ho interessa for serien Iskalde grøss.

– Når vi hadde stiloppgåve på skulen, leverte eg fulle kladdebøker med forteljingar. At det skulle avgrensast til fire små teikneserieruter, hadde eg ikkje sett føre meg. Men det var Charlie Christensen og Arne Anka som lærte meg å lage teikneseriar for vaksne.

No har ho teikna Nemi i 22 år.

– Eg har aldri brukt så mykje tid saman med eit levande menneske som eg har med Nemi. Og eg har teke mange tøysejobbar for å få halde fram med å teikne henne.

Subkulturkritikar

Men Myhre har late seg rive med på eventyr sidan før Nemi var påtenkt. Etter vidaregåande reiste ho til California for å studere kunst og oppleve USA. Ho har sidan hoppa frå jobb til jobb, vaska golv, jobba i bar og vore fantasykonsulent for eit forlag.

– Eg sovna på bussen i USA ein gong, og då eg vakna, visste eg ikkje kvar eg var. Eg sette meg på ein kafé med teiknemappa mi, og plutseleg hadde eg fått i oppgåve å dekorere veggen der inne.

Nemi dukka opp fordi Myhre hadde tenkt å gje opp teikneseriar.

– Eg hadde eksperimentert med mannlege seriefigurar, men fekk det ikkje til. I den siste stripa eg skulle levere til Larssons gale verden, gjorde eg noko eg ikkje hadde gjort før. Plutseleg trong eg ikkje anstrenge meg lenger.

Som bartender i Oslo kjende ho godt til subkulturmiljøet i 90-åra. Og ho utvikla Nemi for open scene.

– Dei første stripene ber preg av at eg ikkje ana kva eg dreiv med. Eg ville at Nemi skulle vere kynisk og modig, men så forstod eg ikkje at folk reagerte når ei av stripene ikkje var morosam, men heller enda med at Nemi sat og gret. Eg likar henne betre slik ho er no, full av feil, spontan og leikande. Men det kom ikkje av seg sjølv.

– Nemi er ikkje redd for å tømme ølglaset i hovudet på einkvan og seie kva ho meiner. Kva er du kritisk til nett no?

– Nemi er ein svært politisk serie til ikkje å vere politisk i det heile. Dersom eg irriterer meg, kan eg uttrykkje det gjennom Nemi, fordi vi er like. No er eg oppteken av biologisk mangfald. Eg har vore med og laga bokserie om artar som det er så få att av, at vi knapt veit om dei. Det var skakande å finne ut kor mange slike nesten utrydda artar som finst. Eg vil til dømes gjerne at vi skal ha ulv i skogane våre, og eg tykkjer Noreg må ta ansvar for å ta vare på dei få ville dyra vi har, slik som vi ventar det av andre land. Eg kan få e-post av sauebønder som helst vil utrydde ulven, men som sender meg høflege, saklege svar likevel. Det tykkjer eg er fint, for dialog er viktig.

– Er du politisk interessert?

– Eg er nyhendejunkie. Eg har faste aviser og nyhendesendingar eg må gjennom fleire gonger om dagen.

Utanforskapen

– Nemi, som handlar om å vere annleis, er Noregs mest omsette teikneserie. Kvifor trur du noko så smalt har femna så breitt?

– Alle kjenner på utanforskap og einsemd, same korleis ein går kledd eller kva slags musikk ein høyrer på. Nemi er tredimensjonal, og ho har einsemd i seg, samstundes som ho trivst i utanforskapen sin. Dei siste åra har hatkriminalitet blomstra kraftig opp i verda. Å akseptere det som er annleis, er viktigare enn nokon gong.

Lise Myhre fortel at ho kan verte nytta som sensurinstans for kva som er «rett eller gale»; om ein er «goth» eller «metal».

– Men det finst eg ikkje oppteken av. Meir enn noko er eg nerd og står opp fem om morgonen for å få med meg Game of Thrones, seier ho.

Nemi har eit stort spenn av lesarar, frå bestemødrer til 17 år gamle gutar.

– Det er litt tynt i bibelbeltet, men elles er ho godt spreidd, fortel Myhre.

– Du har sagt at du ikkje vil teikne Nemi for alltid. Kva vil du med livet ditt?

– Eg er ein forteljar og vil alltid fortelje historier.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg har aldri brukt så mykje tid saman med eit levande menneske som eg har med Nemi.

Lise Myhre, teikneserieskapar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis