Bok
Å lage baby anno 2019
Illustrasjon: Anna Fiske
Du er eit under. Alt på innsidepermen fortel illustrasjonen om det store kappløpet mellom tallause sædceller. Tenk at du vann!
Du er eit under, men underet kan forklarast. Forklaringa er motivet i denne boka, sjølv om Anna Fiske opnar for refleksjon kring det uforklarlege.
Korleis lagar vi ein baby? Med mjøl og gjær eller med hammar og spikar? Barnelesaren veit betre, men det er moro å tulle litt. At det skal vere gøy å lese og lære verkar å ha vore ei drivkraft for den røynde forfattaren og illustratøren denne gongen.
Humoren finst både i bileta og i teksten. Det gjer at ein kan vere lenge på mange av sidene. I eitt oppslag leikar Anna Fiske med tanken på at alle har vore baby. Rekkjer med rare vaksne på venstre side svarar til byltar med søte babyar på høgre side. I eit anna oppslag tøysar ho med turen til sjukehuset. Ridande til hest og over fjellet på ski er moglege reisemåtar.
Kjærleiken er ein føresetnad, men han kjem i mange former. Det finst fleire måtar å bli foreldre på. Alle variantane vert enkelt og eksplisitt gjort greie for. Boka høyrer heime mellom fagbøkene, men kring dei fysiske forklaringane finst varme kjensler og undrande glede.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.