25 år med viser i EgersundEgersund visefestival feira 25 år førre helg med over 60 konsertar og arrangement på sju ulike scenar.
Egersund visefestival feira 25 år førre helg med over 60 konsertar og arrangement på sju ulike scenar.
Tønes spelte mellom anna på den store gratiskonserten laurdag.
Arkivfoto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
Dalanes eigen visehelt Frank «Tønes» Tønnessen og egersundsbandet I Was a King var med. Det same var Elle Melle, Erlend Ropstad, Hilde Selvikvåg, Marie Bergmann og Bergen Mandolinband, då Egersund visefestival feira 25 år førre helg.
Gratiskonsert
Jubileet vart markert med større program enn vanleg, med fleire enn 60 konsertar på sju ulike scenar i Egersund frå torsdag til laurdag og stor gratiskonsert i sentrum med Tønes og fleire andre lokale artistar på laurdagen.
– Utvida viseomgrep
– Vi opererer med det vi kallar det utvida viseomgrepet. Det er mykje som kan kome inn i sjangeren, og det handlar primært om at utøvaren har ein bodskap, seier festivalsjef Henning Feyling til Stavanger Aftenblad om festivalprogrammet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.