Hauge-dagbøkene

17. mai 1957

«Elles har eg lese ei svært forvitneleg bok, H.C. Andersen av Signe Toksvik.»

Olav H. Hauge
Publisert

Brev frå Svein Hovet. Han er sett til redaktør for Hardangerjol og er ute og tiggar etter stoff. Eg lova eit dikt. Elles slær han frampå at eg skal skriva ein artikkel um Hardanger i lyrikken. Og det vilde sikkert vera ei forvitneleg uppgåve. Hardingane sjølve har ikkje nett gjort storverk i norsk lyrikk slik som i kunst og musikk – eg tenkjer på Utne, Vik og Geirr Tveitt –, men me har då Urheimen og Kvammen. Dei er ekte nok og nokso typiske for fjorden. Rett nok har me Wergeland og Munch. Og Kinck. Det han har skrive frå Hardanger, er det mest verdfulle me har her ifrå – både av lyrikk og folkeskildring um ikkje nett på vers.

Likevel, uppgåva vilde vore morosam, og nyttig òg. Ei saumfaring. Kanskje kunde eit slikt stykke tena til å vekkja ein og annan, so dei pusla meir med versekunsten. Evnone er her, det veit eg!

Kort frå Italia, frå Oddvin. Lago Maggiore stend det på innsjøen.

Elles har eg lese ei svært forvitneleg bok, H.C. Andersen av Signe Toksvik. Det var eventyrleg liv! Boki er meir spanande enn nokon roman. Her er fortalt at Oehlenschläger sa til Andersen: «De er dygtige menn begge to (Hertz og Heiberg), meget begavede – men de er ikke hva jeg kaller virkelige digtere. De er en virkelig dikter, det sier jeg, og jeg tror jeg har greie på det!» Andersen lærde aldri å tru på seg sjølv, og hans sorg var at han ikkje kunde skriva store romanar og tragediar.

Her ein dag kom eg yver eit ord av Jean-Jacques Rousseau, som eg lyt skriva ned, det har vel stade i ei innleiding: «Eg veit godt at lesaren ikkje treng vita alt dette, men eg sjølv hev trong til å seia han det.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement