150 år med nynorsk litteratur– Jamført med andre forlag er vi eit mellomstort forlag, men vi må likevel te oss som om vi var store, fortel forlagssjef Håkon Kolmannskog i Samlaget, som feirar 150 år i år.
– Vi eit mellomstort forlag, men vi må te oss som om vi var store, fortel forlagssjef Håkon Kolmannskog i Samlaget.
Forlagssjef Håkon Kolmannskog ved «Samlagsskrinet». Skrinet er frå pionertida. Dei fyrste åra forlaget eksisterte, var det plass til alle eignelutane til bokreiaren i skrinet.
Foto: Ronny Spaans
Sist helg hadde Det Norske Samlaget festkveld i Det Norske Teatret. Det var celebre gjester til stades: kronprinsesse Mette-Marit og Erna Solberg. Sistnemnde rosa forlaget for teften for litterær kvalitet. Difor har det fanga opp forfattarar som Agnes Ravatn og Olaug Nilssen, streka statsministeren under, samstundes som ho peika på rolla Samlaget har spela for det norske demokratiet.
Det siste sette forlagssjef Håkon Kolmannskog pris på. Han dreg òg fram eit anna høgdepunkt under festen: DJ-battlen mellom den unge og eldre generasjonen i forfattarstaben til Samlaget: Finn Tokvam og Ragnar Hovland versus Christian Wiik Gjerde og Ingunn Thon.
Det er ein lang veg mellom DJ-kamp og grunnlegginga av Det Norske Samlaget i 1868, då pioneren Hagbert E. Berner – òg kjend som skiparen av Dagbladet – vart vald som fyrste leiar.
Samlaget vart for 150 år sidan stifta som eit idealistisk litteraturselskap. Medlemene støtta laget økonomisk med lagspengar. Som takk fekk dei bøkene Samlaget gav ut. Laget fungerte såleis som «ein bokklubb» i starten, heiter det i eit historisk riss bokreiaren har laga i høve jubileet.
Kontrasten til situasjonen i dag er stor. Fyrst i 1950 fekk Samlaget den fyrste tilsette. Det var Bjarte Birkeland, som seinare vart professor i nordisk litteratur i Bergen. Han står òg som ein typisk representant for forlagsfolk den gongen: filologar med lang utdanning frå universitetet og gjerne med eigne litteraturhistoriske verk om store namn frå bokheimen.
I dag har forlaget om lag 20 tilsette. Her finst i dag både akademikarar og forlagsredaktørar som sjølve er skjønnlitterære forfattarar. 20 tilsette er ikkje mange, når alt kjem til alt. Her peikar Kolmannskog på ein essens ved forlaget:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.