¿ Yahya Hassan (1995–2020)

Yahya Hassan les på Litteraturhuset i Oslo i 2014.
Yahya Hassan les på Litteraturhuset i Oslo i 2014.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Nyhendet om at den danskpalestinske lyrikaren Yahya Hassan var funnen død i bustaden sin, 24 år gamal, kom samstundes med den norske utgåva av den andre diktsamlinga hans, Yahya Hassan 2. Ho er nominert til Nordisk råds litteraturpris, som vert delt ut i Reykjavík i oktober. Debutsamlinga (2013), som han gav ut då han var 18 år, hausta mange litterære prisar, selde i 120.000 eksemplar i Danmark og er omsett til ei lang rekkje språk.

Sjølvbiografien

Dei to bøkene har så mykje sams i uttrykk og innhald at dei kan lesast under eitt, og snart kjem dei nok i éi utgåve. Til saman utgjer dei eit sjølvbiografisk verk. Band éin fortel om – og vert fortalt av – guten som voks opp i ein innvandrarfamilie i Aarhus, ferierte med familien i Midtausten, dreiv med dop og kriminalitet, budde på institusjon og synte eit uvanleg poetisk talent.

I band to held livssoga fram der det førre bandet slapp. I avdelinga «Premieperker» har den vidgjetne bokdebuten vorte ein livsfase i seg sjølv. I avdelingane «Fengsler og fanger» og «Psykoseperker» les me om livet hans dei siste åra, som innsett og psykiatrisk pasient. Nykelordet perkar, sett saman av persar og tyrkar, vert av somme nytta nedsetjande, av andre identitetsmarkerande, som nigger i raptekstar. Perkerdansk er ein parallell til kebabnorsk.

Hassan henta inspirasjon frå ytterpunkt i dansk lyrikk, frå den aforistiske pregnansen til Piet Hein (1905–1996) og den heftige ihugen til Michael Strunge (1958–1986). Eit naturleg førebilete var den norske romanforfattaren Karl Ove Knausgård, som sjølv har halde seg med førebilete frå ein tradisjon Hassan snøgt skreiv seg inn i – med sjølvutleverande beat- og bohemforfattarar som Jack Kerouac og Charles Bukowski.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement