¿ Skilauparen Vold
Jan Erik Vold og fylgjet er klare for nedfarten mot Osa. Vold tek sjansen utan stålkantar. Fløgstad er alt på veg nedover bratthenget. Fotograf er Sverre Tusvik, som aldri kjem med på bilete av folk på tur, sidan det er berre han som har vit til å fotografera.
Foto: Sverre Tusvik
Lytt til artikkelen:
Jan Erik Vold er 80. Poeten, samfunnsdebattanten, formidlaren – ja, han er i praksis eit forlag åleine der han år etter år har lyfta fram og fått ut bøker om forfattarar han set høgt.
Men her kjem ein stubb om skilauparen Vold. Som idrettsmann er han kanskje mest kjend som symjar, med det klassiske biletet av han på omslaget av Entusiastiske essays, der han tek eit stort magadrag symjande over Oslofjorden. Kvar sommar i 70-åra sumde han dei fire kilometrane, med fylgjebåt, over fjorden frå Nærsnestangen i Røyken kommune til Spro fyr på vestsida av Nesodd-landet.
Og så er han Noregs mest kjende skeiseentusiast, med tallause dikt om skeising.
Men han går ikkje sjølv på skeiser, han går på ski. Og han kan gå på ski, og han har gått mykje og langt på ski, i sin tjukke ullgenser og raude anorakk. Og han har teke ansvar og lært borna å gå på ski. Kvar påske reiste heile familien med tog frå Stockholm til Oslo og la seg inn på skistova Løvlia ved Lauvlisæter på Krokskogen for å læra borna den edle skikunsten.
Ofte kan du møta han i Nordmarka. På ein tur gjennom marka frå Mylla til Sognsvann kan du i byrjinga gå ifrå han, men konkurranseinstinktet sit i han, så han ligg aldri langt bak. Og etter ei stund kjem han stadig nærare med sitt seige, jamne tempo og få pausar. Og roar du deg ned, ligg han brått føre deg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.