– Pinleg, sjølvmedvite og kjipt

Hos Tina Åmodt kan ei 14 år gammal jente, «kvisete og svett og med fett hår», vere hovudperson i ein ekte sjøroman.

Tina Åmodt tek utgangspunkt i eigne røynsler som einebarn på båtferie. Så diktar ho vidare derifrå.
Tina Åmodt tek utgangspunkt i eigne røynsler som einebarn på båtferie. Så diktar ho vidare derifrå.
Publisert Sist oppdatert

Etter å ha skrive eit tungt, psykologisk relasjonsdrama ville Tina Åmodt skrive ei lett bok. Men i ettertid ser ho at haustens roman, Doris, slett ikkje blei det ho hadde sett føre seg. For den unge hovudpersonen har ein vanskeleg far å hanskast med og ei mor som for det meste er borte og ikkje er til særleg hjelp når ho er til stades heller.

– Du kallar boka ein sjøroman. Er det i opposisjon til den tradisjonelle sjøromanen – om tøffe mannfolk i kamp med havet og elementa?

– Litt, sjølvsagt. Eg tenkte ikkje slik då prosjektet tok til, men når eg fortel ein heil roman om ei tenåringsjente som er på ferie i ein luksuriøs båt, er det ein sjøroman like god som nokon.

Inga landkrabbe

Som lesar merkar ein at forfattaren har sett sjøbein før. Romanen kunne ikkje vore skriven av ein landkrabbe. Tina Åmodt vedgår at ho tek utgangspunkt i eigne røynsler, noko som har gjort inntrykk eller betydd noko for henne. Så diktar ho vidare derifrå.

33-åringen frå Askøy utanfor Bergen, no busett i Oslo, er ikkje ukjend med båtlivet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement