– Hatet gjev meg kraft
Utan hat-meldingar og drapstrugsmåla frå nynazistar, ville Deeyah Khan truleg ikkje laga filmen I møte med fienden.
I dokumentarfilmen, som ligg på NRK sine nettsider, marsjerer Deeyah Khan saman høgreekstreme i den amerikanske byen Charlottesville. Ho skil seg ut. Ikkje berre er ho kvinne, ho er òg brun i huda.
–?Eg var livredd, og visste eg ville vera eit klart byte om ting kom ut av kontroll, seier ho.
Ho vert ikkje skada av nynazistane. Men når Antifa-røyrsla bruker tåregass mot dei marsjerande, vert Deeyah òg råka.
–?Ytterleggåande grupper radikaliserer kvarandre. Å møta vald med meir vald, hjelp ikkje. Ekstremistar er alt paranoide, vald vil berre styrka offerolla som eggjar dei.
Truga frå landet – Eg kunna ha plukka opp eit våpen. I staden plukka eg opp eit filmkamera, sa Deeyah i ei tale i 2016.
På 1990-talet toppa ho hitlistene i Noreg med låta Get Off My Back. Populariteten auka i takt med hetsa og trugsmåla mot den unge artisten. 17 år gamal såg ikkje foreldra anna råd. Dottera måtte dra frå landet. I trygge Noreg var ho ikkje trygg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.