¿ Eit ureint Europa

BUDAPEST: Det medisinsk-historiske Semmelweis-museet fortel at vestleg hygiene låg hundre år bakom framstega på andre felt.

Statue av mor og barn i det medisinsk-historiske Semmelweis-museet i Budapest.
Statue av mor og barn i det medisinsk-historiske Semmelweis-museet i Budapest.
Publisert

Lytt til artikkelen:

I hjartet av europeisk historie og topografi, midtvegs mellom Norden og Middelhavet, Uralfjella og Atlanterhavet, ligg dei vene tvillingbyane Buda og Pest på kvar si side av Donau. Etter å ha vitja staden fleire gonger er eg ikkje i tvil om kven ungararane reknar som ein stor son av hovudstaden, fødd her for drygt 200 år sidan, i dag heidra med mange minnes˜merke, lækjaren Ignaz Semmelweis.

På Pest-sida i aust ligg Semmelweis-universitetet og Semmelweis-sjukehuset, og på Buda-sida i vest ligg det medisinsk-historiske Semmelweis-museet, i bygningen der han kom til verda i 1818. Kven skulle ha trudd at han døydde på eit sinnssjukehus, berre 47 år gamal? Kva gale hadde han gjort, anna enn å vera litt for langt framføre si eiga tid?

Jens Bjørneboe

Ein diktar som har gjort soga om lækjaren kjend på fleire språk, med skodespelet Semmelweis (1968), er ein norsk dramatikar, lyrikar, essayist og romanforfattar, som i år vert heidra med antologi og arrangement, hundre år etter at han vart fødd i Kristiansand i 1920, Jens Bjørneboe.

Mest kjend er Bjørneboe for ein pessimistisk romantrilogi om menneskeleg vondskap, kjend som «Bestialitetens historie» – Frihetens øyeblikk (1966), Kruttårnet (1969) og Stillheten (1973). Mot slutten av livet planla han eit nytt og optimistisk verk, som han kalla «Frihetens historie», om menneskeleg stordom. Det kom aldri, men i det siste intervjuet han gav før han døydde i 1976, fortalde han: «’Semmelweis’ anser jeg i grunnen som det første seriøse forsøk på ‘Frihetens historie’ – ikke sant, han ble jo drept – egentlig både mentalt og fysisk drept av sine kolleger, fordi de visste at mannen hadde rett.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement