JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Ein heilt vill rettsprosess

– Æresretten såg bort frå grunnleggjande rettsprinsipp då sytten forfattarar vart dømde i 1945, seier Peter Normann Waage.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattaren André Bjerke fotografert i heimen sin på Eiksmarka, like utanfor Oslo, i 1957.

Foto: Sverre A. Børretzen / NTB scanpix

6031
20190405
6031
20190405

Æresretten

ottar@dagogtid.no

I 1945 sette Den norske Forfatterforening (DnF) ned ein æresrett som skulle ta eit oppgjer med medlemmer som hadde hatt uakseptable band til okkupasjonsmakta under krigen. Fjorten forfattarar med medlemskap i Nasjonal Samling vart kasta ut av foreininga. Sytten andre vart dømde til ekskludering eller publiseringsforbod. André Bjerke, Alf Larsen, Herman Wildenvey og Johan Bojer var blant dei som vart råka.

Sterk kritikk

I fjor haust kom styret i DnF med ei orsaking til dei sytten forfattarane, og det skapte sterke reaksjonar.

Kjartan Fløgstad, Espen Søbye og Tore Rem gjekk kraftig ut mot styrevedtaket. På årsmøtet i DnF i mars kom Fløgstad med sterk kritikk av behandlinga av saka og melde seg ut av foreininga.

Peter Normann Waage er blant dei som stiller seg bak orsakinga DnF kom med i fjor.

– Æresretten såg bort frå heilt grunnleggjande rettsprinsipp, og det er bakgrunnen for denne orsakinga. Straffa mot forfattarane vart sett i verk før endeleg dom låg føre, seier Waage.

Han viser til at trioen Fløgstad, Rem og Søbye er meir opptekne av det dei sytten forfattarane gjorde under krigen, enn av rettsprosessen.

– Men uavhengig kva forfattarane gjorde eller ikkje gjorde under krigen, skulle grunnleggjande rettsprinsipp ha vorte følgde, og dei skulle hatt ein sikker rettsprosess. Trioen meiner at DnF orsakar Alf Larsens antisemittisme, men det er ikkje sant. Det dreiar seg ikkje om det. Antisemittisme var ikkje tema i krigsoppgjeret og æresretten.

Waage meiner at rettsprosessen som æresretten stod bak den gongen, var heilt vill.

– Dei følgde ikkje vanlege rettsprinsipp. Forfattarane hadde ingen forsvarar, det var ingen open rett og inga høyring. Straffa mot André og faren Ejlert Bjerke vart sett i verk før den endelege dommen fall i appelldomstolen.

Waage fortel at mistanken fall på André Bjerke i slutten av juni 1945.

– Det gjekk rykte om at anten han eller Herman Wildenvey hadde gjendikta Fänrik Ståls sägner, og Bjerke stod fram og sa at det var han. Han ville ikkje at Wildenvey skulle koma i vanskar, og kunne ikkje skjøna at det var noko gale i å gjendikta dette verket.

Sju årsløner?

I juli 1945 fekk Bjerke brev frå Alex Brinchmann i æresretten, og der gjekk det fram at far og son var ekskluderte frå DnF og fekk skriveforbod i eitt år.

– I tillegg skulle dei betala ei bot på 10.000 kroner, men det hadde ikkje DnF heimel til å påleggja de. Dei kunne ekskludera folk frå foreininga, men ikkje bøteleggja. Også det var ein grunn til at DnF kom med ei orsaking. Den endelege dommen fall først eit år seinare, men då hadde André og Ejlert hatt skriveforbod i eitt år.

– Fløgstad, Rem og Søbye har hevda at Ejlert og André Bjerke tente sju årsløner på omsetjing av bøker for Gunnar Stenersens Forlag, som var eit naziforlag?

– Ejlert og André fekk 10.000 kroner for heile gjendiktinga av Fenrik Stål: en samling sanger til saman. Dessutan omsette Ejlert fleire andre bøker for Stenersen, og han fekk 33.000 kroner over fire år. Det vert om lag 8000 kroner i året, og gonger ein med 23, får ein dagens pengeverdi, og det vert cirka 180.000 kroner. Det var årsinntekta Ejlert hadde dei fire åra.

Heimefronten

Waage viser til at det var Ejlert som arbeidde for Stenersen, medan André fekk oppdrag frå faren.

–?Det einaste André Bjerke gjorde, var å gjendikta Fenrik Stål: en samling sanger. I 1941 og 1942 gav han ut to kriminalromanar som vart svært populære, og som han tente mykje pengar på. Han trong ikkje pengane som han fekk frå omsetjinga av Fenrik Stål. Men før Ejlert sa ja til tilbodet frå Stenersen i 1941, hadde familien svært lite pengar. For Ejlert var det eit vilkår at han berre skulle setja om skjønnlitterære bøker av god litterær kvalitet. Heimefronten hadde på den tida ikkje kome med noko forbod mot å omsetja for Stenersen. Det kom først i desember 1944, og då slutta Ejlert. Han skreiv krigsdagbok frå april 1940 til april 1941 og uttrykkjer der ei sterkt antinazistisk haldning. André skreiv motstandsdikt og fekk ros frå Francis Bull for å ha halde motet opp hjå motstandsfolk under krigen. Verken André eller Ejlert var holocaustfornektarar, jødehatarar eller rasistar.

– Kor alvorleg var dommen i æresretten for André Bjerke?

–?Han kom aldri over dommen, men etter eitt år med skriveforbod vart han frikjend i appellretten i Norges Kunstnerråd. Bota på 10.000 kroner som han skulle betala for å ha sett om Fenrik Stål: en samling sanger, vart trekt tilbake. Norges Kunstnerråd skreiv at han hadde utvist ei utmerkt nasjonal haldning under krigen, men dommen i æresretten var likevel øydeleggjande for han.

– Fänrik Ståls sägner er eit viktig epos i Finland og ikkje eit nazi-ideologisk verk?

– Det vart skrive midt på 1800-talet og handlar om den finsk-russiske krigen i 1808–1809. Okkupasjonsmakta ville forby utgjeving i Noreg av di det handlar om kampen som eit lite folk fører mot overmakta. Dei sette forbod mot all omtale av boka, og ho vart aldri omtalt i norske aviser. Den finske fedrelandssongen står i verket, som slett ikkje eit nazistisk verk.

Alf Larsen var antisemitt, og Fløgstad har trekt fram fleire av Larsens merkelege standpunkt.

– Er det er like god grunn til å orsaka Alf Larsen som André Bjerke og fleire andre?

– Det er rettsprosessen orsakinga gjeld – og berre den. Dei sytten forfattarane vart behandla på eit vis som ikkje er rettsstaten verdig. Det er noko heilt anna å diskutera innhaldet i det som dei sytten dreiv med under krigen.

–?Fløgstad, Rem og Søbye insinuerer meir eller mindre at du er hovudarkitekten bak orsakinga som DnF kom med?

–?Det var Hans Fredrik Dahl og Dag Solhjell som kom med boka Men viktigst er æren, og dei tek opp æresretten. Eitt år før Bjerke-biografien kom, tok Thorvald Steen opp spørsmålet om orsaking i DnF, fortel Waage.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– André Bjerke kom aldri over dommen i æresretten.

Peter Normann Waage, biograf

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis