Den storvaksne Erling Borgen baska seg gjennom Budapests snødekte gater.
– Eg er så lukkeleg over at eg får vere med og oppleve dette, Jan Ketil.
Ved sida av han sklei sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal på glatte sko med norsk flagg på ryggsekk og allvêrsjakke, og bak gjekk den velkledde sekretæren hans, Svein-Erik Edvartsen. I nær fire timar hadde trioen sett sjonglørar, akrobatar, trapesartistar, magikarar, hestar, hundar, balansekunstnarar og klovnar i eit inferno av fargar, lyd, lys og røyk. No gjekk dei frå sirkusbygningen i byparken mot hotellet. Det var åtte minusgrader, frostrøyk og tre timar til neste oppvisning.
– Dette var då ei fenomenal oppvisning, sa Borgen.
– Og det å sitje så godt, i ordentlege stolar, sa Edvartsen.
– Og eit sirkusorkester!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.