JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Eg kjenner meg heime i ein nordnorsk visetradisjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ann-Iren Hansen lanserer den andre plata si, Tjernet,  i laurdag 11. mars.

3483
20170310
3483
20170310

Musikk

ronny@dagogtid.no

Den norsknorske dialekten har noko tvitydig ved seg: det jordnære samspelet mellom menneska, men òg det barske klimaet her i nord.

Det seier visesongaren Ann-Iren Hansen. Ho har ei særstilling i norsk jazzmusikk og visetradisjon: Ho syng på nordnorsk dialekt, nærmare bestemt vesterålsk, og ho komponerer musikken sjølv. Ho fylgjer dermed opp ein lang tradisjon i Nord-Noreg, med namn som Halvdan Sivertsen og Helge Stangnes. Hansen voks opp i Øksnes i Vesterålen. Ho har master i musikk frå Det Jyske Musikkonservatorium i Danmark. Sidan 2014 har ho budd i Bodø.

den andre plata

No er ho aktuell med den andre plata si, Tjernet. Den førre samlinga, Ei som går, kom ut i 2014. Den fyrste av dei ni låtane på det nye albumet heiter «Det kan ikkje skje oss nåkka». Songen handlar om ein leik mange born har leika langs kysten: å «terge båra». Det handlar om å setja seg ned på berget i uvêr og kjenne store bylgjer – bårer – bryte mot land rett under seg.

«Yngst, men tøffast her i dag», syng Hansen, men denne leiken fekk varig merke i sinnet hennar:

– Eg leika «terge båra» i lag med to veninner på svaberget heime i Øksnes. Eg våga meg ned på steinen akkurat der grensa for bylgjene var, men brått vart eg teken av storhavet. Eg klora meg fast i tang og tare, måtte kjempe hardt imot der båra prøvde å dra meg ut i sjøen. Eg var som inni henne, og opplevde dei enorme kreftene. ”Det kan ikkje skje oss nåkka / vi er unge”, heiter det i songen, men eg fekk oppleva at det ikkje var slik. Dette var ein livsfarleg leik, og erfaringa gav meg ein ny dimensjon på livet. Då eg gjekk derifrå, følte eg noko som dei to veninnene mine ikkje hadde følt.

­– Dette er ein ny tone i musikkarrieren din. Den førre inneheldt ikkje slike episodar.

– Ja, eg er meir personleg på denne plata: Eg går nærare innpå meg sjølv og hentar fram episodar som har forma meg. Det har nok samanheng med at eg er vorten eldre og vågar å gå inn det personlege rommet.

– Reiser du bort for å få finne roa når du skriv tekstar?

­– Ja, eg leigde Misvær kyrkje i tre dagar då eg arbeidde med plata. Der kom forresten songen «Det kan ikkje skje oss nåkka» til meg. Eg sat ved teiknehjørnet i kyrkja då dei fyrste setningane kom. Eg fekk frysningar. Andre songar kom då eg oppheldt meg på Engeløya i Steigen. For meg er det viktig å koma unna mønsteret i kvardagen. Kyrkja var det rette rommet; der kunne eg kjenne alvoret i livet, der eg kunne uttrykkje meg gjennom kunsten. Det er ikkje lett når du sit i husværet i byen og ser gjeremål som ventar på deg, som oppvasken.

– Ein annan låt på plata er basert på ein tekst av Regine Normann, «Snu dæ ikkje». Er den nordnorske teksttradisjonen viktig for deg?

– Ja, det er ein tradisjon eg absolutt kjenner meg heime i. «Det ula godt rundt vaiera og hus / og allereie her så hør vi bølgebrus», syng eg i «Det kan ikkje skje oss nåkka».

– Men det er ikkje mange unge som fylgjer opp tradisjonen. Ønsker du å inspirere andre?

– Ja, absolutt. Det er dessverre ofte eit anna fokus hjå mange unge: Det er Idol og The Voice som er idealet. Der handlar det om å syngje kjende songar med sterkast stemme. Men fleire må få augo opp for visetradisjonen vår: Det å skrive tekst og komponere musikken – og oppleva det unike når ord og tone møtest. Der handlar det ikkje om å bli hylla i eit show, men å bruke musikk til eit større føremål: å kommunisere og gje gode opplevingar til folk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis