– Eg er ikkje redd for usemje
I mai tiltrer den nye direktøren for Festspillene i Bergen, Lars Petter Hagen. Han startar på golvet.
– Tradisjon og nyskaping heng nøye saman, seier festspeldirektør Lars Petter Hagen.– Tradisjon og nyskaping heng nøye saman, seier festspeldirektør Lars Petter Hagen.
Foto: Marit Hommedal / NTBFoto: Marit Hommedal / NTB
Då Anders Beyer vart sagd opp hausten 2021, måtte Festspillene i Bergen snu på hælen, og i januar vart den 28. festspeldirektøren utnemnd. I byrjinga av mai, nokre veker før festivalens 70-årsjubileum, tiltrer 46 år gamle Lars Petter Hagen. Han har arbeidd som rådsleiar i Norsk kulturråd, prosjektleiar og utviklingssjef for Oslo-Filharmonien og direktør for festivalen Ultima.
– Eg vil vera som ein lærling dette året. Eg vil selja billettar, henta artistar på flyplassen, snakka med publikum og læra meg korleis organisasjonen fungerer, ved å prøva alle slags jobbar. Festivalen har utvikla mykje kompetanse over 70 år, og denne skal eg bygga vidare på. Eg vil at festspela skal vera ein hub for kreative samarbeid, og eg gler meg til å setja i gang ulike samarbeidsprosjekt på tvers av institusjonar i byen og internasjonalt.
Rom for refleksjon
Hagen har fylgt festspela over fleire år som publikummar, og han kuraterte ein festspelkonsert med felespelar Nils Økland og barokkfiolinisten John Holloway i Håkonshallen i 2015. Medan årets program vart fastspikra lenge før stillinga vart utlyst, ser han fram til å setja kunstnarisk preg på festivalen i 2023.
– Eg har ikkje sett eit tema for neste år og vil ikkje avsløra spesifikke planar, men generelt lèt eg meg inspirera av den franske kuratoren og museumsdirektøren Suzanne Pagé, som meiner at ein kulturinstitusjon skal vera både laboratorium og vaktar av vårt felles minne. Det handlar ikkje nødvendigvis om å få svar, men om å skapa eit rom for refleksjon. Kunsten skal få publikum til å stilla spørsmål og er eit verktøy for å utfordra etablerte sanningar i ein kontinuerleg diskusjon.
– Kva vil det seia?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.