JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

🎧 Det politikken ikkje får fram

For Kjartan Fløgstad kjennest det meir prekært å skriva romanar i dag enn det gjorde for berre ti år sidan. Derfor er han no ute med sin 16. roman, Due og drone.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjartan Fløgstads nye roman spenner frå førkrigsår og fram til i dag.

Foto: Mimsy Møller/NTB scanpix

9016
20190823

Kjartan Fløgstad

Fødd i 1944 i Sauda.

Har skrive 16 romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar.

Har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk råds litteraturpris, Kritikarprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen.

Lytt til artikkelen:

Litteratur

janh@landro.bergen.no

– For ti år sidan låg ein del av dei utviklingstrekka som no er blitt tydelege, i kim. Dei har slått ut i full blom i USA, Storbritannia, Italia og her og der, seier Kjartan Fløgstad. Forfattaren har ikkje lyst å utdjupa eller konkretisera nærmare kva han meiner. Trur ikkje det trengst heller.

Med Due og drone har Fløgstad levert eit verk av velkjent merke, både i innhald og form. I tid spenner boka frå førkrigsår og fram til i dag, og kanskje endå litt lenger. Geografisk dekkjer han eit par verdsdelar, men held seg mest i Noreg. Og, sjølvsagt, med blødmene og dei sprelske språklege spranga intakte. Likeins er Fløgstad også her ute i mange ærend, han slår til fleire kantar og rører ved mangfaldige tema.

Om bakgrunnen for den nye romanen sin har forfattaren dette å seia:

– Til grunn ligg samtida i all sin kompliserte samanheng. Det ser ikkje ut til at den etablerte politikken klarar å uttrykkja samfunnsmotsetnader som før, der ideologiske tendensar vi trudde var forsvunne, brått dukkar opp igjen med stor kraft.

Due og drone har tematiske likskapar med romanen Grense Jakobselv (2009) og dei seinare Nordaustpassasjen (2012) og Magdalenafjorden (2014).

– Det handlar om korleis ideologiske motsetnader frå krigen syner seg i ulike skapnadar og gevant etter krigen. Due og drone er nok i sterkare grad ein samtidsroman prega av klimakrisa og faren for Armageddon i den samanheng. Men i like stor grad går boka inn i eit politisk tema der Noreg blir ei viktig brikke: at opprustinga har auka og varslingstida mellom aust og vest blir stadig kortare.

Romanen er skriven som to parallelle historier, der den eine – som står i kursiv og heile tida kjem i kortare drypp – er skriven på det Fløgstad kallar «NTB-norsk». Her er forteljaren VG-journalist Hege Bostrup. Forteljaren i hovudhistoria, Konstantin (Stian) Nyslott, er siste ledd i ein familiesamanheng og prøver å summera opp det forgjengarane har gjort.

– I kva grad kan vi lita på dei to forteljarane?

– Dette er fiksjon og dermed i prinsippet upåliteleg. I hovudhistoria får forteljaren problem når det dukkar opp ein del heilt urealistiske episodar, som då den unge Jan Lomark blir slyngd ut frå ei huske og ut i universet, der han går i bane. At han blir slyngd ut på den måten, er i romanen meir sant enn at han ikkje blir det. Det er eit ledemotiv i romanskrivinga mi.

Ingen dystopi

– Det verkar som om forteljaren ikkje heilt trur på alt hovudpersonen seier. Kven skal vi då tru på?

– Då skal ein tru på det samla inntrykket som desse ulike forteljingane gir. Dei dekkjer same tidsgang og kronologi på begge sider av jarnteppet, på den måten som eg syntest var riktig, nemleg at hovudpersonane på begge sider blir fotograferte mot strategisk viktige bygningar, men der det viktige er det som står bak dei.

Hovudpersonen Olav Sima skildrar Fløgstad som ein tilpassingsdyktig bondegut frå Ulvik. Sima klarar seg bra både som industriarbeidar og som soldat. Seinare blir han gatepatruljerande politimann, og etter kvart forretningsadvokat med mangslungne oppgåver som han tilsynelatande lever godt med.

I tillegg til forteljinga om Olav Sima er våroffensiven på Litza-fronten i 1943 det avgjerande startpunktet for romanen. Då skulle tyskarane på nytt prøva å ta Murmansk, og kampane står om lag midt mellom Kirkenes og denne byen på Kolahalvøya. Dei tyske styrkane var ikkje kledde for den arktiske kulda som sette inn, og fleire døydde av frost enn av kuler og krut. På slagmarka blei ein tysk og ein sovjetisk soldat funne samanfiltra, og ein kan lura på om dei har prøvd å halda varmen saman eller å drepa kvarandre. Og så har dei sannsynlegvis etterkommarar på kvar side av jernteppet.

– Korleis vil du seia at dei to parallelle historiene står til kvarandre?

– Dei møtest ved at forteljaren i den kursiverte historia er eit produkt av samlivet mellom den kvinnelege hovudpersonen, Kcenia Nyslåttbuktmo, og ein soldat som mista livet på Litza-fronten. Det er gjennom henne dei to historiene renn saman. Og gjennom etterkommaren Stian Nyslott får også den kursiverte historia si forklaring.

Mykje i det kursiverte kunne ha skjedd, somt har skjedd. Kan vi kalla det ein dystopi?

Fløgstad dreg på det.

– Nei. Det er mange akutte, farlege ting ved situasjonen i verda og i Noreg i dag som kunne få ein til å tenkja slik. Men så finst det andre trekk som gjer at det går an å tru at verda kan komma inn på ein betre kurs. Den ortodokse, nyliberale verdsordninga fungerer ikkje lenger, det må komma noko anna. Slik det ser ut no, har autoritære regime fått fotfeste, men andre retningar gir større forhåpningar: Endeleg har det dukka opp ein open, sosialistisk opposisjon i USA, og Labour-leiar Jeremy Corbyn har mobilisert mange unge veljarar i England.

Vasallstat under USA

– Den historia du fortel i dei kursiverte delane, synest å liggja litt inn i framtida. Der verkar det som om Noreg er okkupert av «venner» frå «Imperiet» styrt frå den amerikanske ambassaden, i noko som minner om ein krisesituasjon?

– Både NRK og private TV-stasjonar har laga fiksjonar der Noreg blir okkupert frå den andre sida. Det er realistisk både på romannivå og på røyndomsnivå at utanlandske troppar står i Noreg, at utanlandske fly patruljerer delar av kysten og at allierte troppar øver stadig nærmare grensa til vår store nabo i aust. Mange meiner at dette er ei farleg utvikling i norsk tryggingspolitikk. Her er eg til dømes på linje med oberstløytnant Tormod Heier, som nettopp har skrive bok om dette.

Grense Jakobselv uttrykte mellom anna uro for at fascismen og nazismen skal veksa fram igjen i Europa. Men så ekstreme er ikkje kreftene som har makta i Noreg i romanen din?

– Nei, her rår eit parlamentarisk demokrati, som lenar seg mot den eine sida i stormaktspolitikken. Det er mange gode grunnar til å lena seg den vegen. Folkestyret står jo sterkare der. Dei fleste vil vel heller bli bombarderte av angloamerikansk populærkultur enn av kinesisk eller russisk kultur. Iallfall vil nok eg, trass i alt, hevda det.

Fløgstad fortel at situasjonen som blir skildra i den kursiverte delen, byggjer på eit sitat frå president Jimmy Carters tryggingsrådgivar Zbigniew Brzezinski. Han sa at Vest-Europa har vore vasallstatar under USA. Forfattaren meiner at romanen ikkje diktar noko særleg vidare på dette, men berre detaljerer og syner korleis det ter seg i praksis. Brzezinski snakka ut frå ein verdssituasjon som ikkje var så spent som han er no, og der det amerikanske nærværet i Noreg på ingen måte var så sterkt og så væpna.

Gjennom romanen går det kablar på kryss og tvers. I arbeidet med boka oppdaga Fløgstad at norske Standard Telefon og Kabelfabrikk under den kalde krigen utvikla siffermaskina som gjorde det mogleg å etablera ei direkte sambandslinje mellom Kreml og Washington. Seinare utvikla same miljøet siffermaskiner med kodar så kompliserte at Nato og USA ikkje våga å ta dei i bruk, dei var redde for ikkje å kunna knekkja koden.

– Metaforisk og teknologisk blei Noreg då kabelstrekkjar mellom aust og vest, og det ser romanen på som ein god ting.

Demokratiet har rett

Fløgstad nøler når eg ymtar om at antidemokratisk verksemd på ulike nivå er blitt eit stadig viktigare tema i forfattarskapen hans.

– Eit tema i debatten etter 2008, etter Trump og etter brexit, er at ein del av det liberale etablissementet har byrja tenkja i retning av at det ikkje er sikkert at demokratiet er ei så god styreform som ein skulle tru. At det treng korrigeringar her og der, noko dei nyttar Trump og brexit som døme på. Boka er eit innlegg mot å tenkja slik. Romanen, og forfattaren bak, meiner at sjølv når demokratiet tek feil, så har demokratiet rett.

Også i denne romanen vender Kjartan Fløgstad tilbake til Lovra-universet, som har prega forfattarskapen kanskje meir enn noko anna.

– Der syner det seg å liggja utømmelege kjelder. Eg har hatt eit lykkeleg forhold til Lovra, som for meg er det motsette av Jante. Eit samfunn som hadde, og stadig har, mykje å by på. Det er ein rikdom å ha eit slikt forhold til den plassen som har skapt meg. Geografisk er eg vel ein slags vestlending, men mange av trekka som definerer vestlendingen, kjenner eg ikkje igjen. Dei einsidige industribyane var så særeigne at dei var heilt andre typar samfunn enn dei vestlandske bygdelaga som ikkje var industrialiserte. Rikdommen var meir at du kjende deg som del av den store verda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Geografisk er eg vel ein slags vestlending, men mange av trekka som definerer
vestlendingen, kjenner eg ikkje igjen.

Kjartan Fløgstad

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis