JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Alle menneske ønskjer aksept

Sumaya Jirde Ali meiner vi må lytte til dei som nektar å kalle seg norske. Sjølv er ho ikkje i tvil om sin norske identitet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sumaya Jirde Ali då ho presenterte den nye boka si hausten 2018.

Foto: Lise Åserud / NTB

5384
20220218
5384
20220218

Identitet

jesper@dagogtid.no

Debatten om kva det vil seie å vere norsk, fekk ein ny vri 11. januar. Då publiserte Fawad Ashraf, debattredaktør i Avisa Oslo, ein tekst med tittelen «Norsk nok for de svina». Ashraf skreiv at han ikkje lenger vil kalle seg norsk, fordi han stadig opplever at det vert stilt spørsmål ved den norske identiteten hans. Kvifor skal han, «som på alle parametere er integrert», akseptere det?

Sumaya Jirde Ali er redaktør i det feministiske tidsskriftet Fett. Ho meiner det er viktig å ta dette spørsmålet opp til debatt.

– Første gong eg las innlegget, kjende eg på ein instinktiv motstand. Det er fordi eg er trygg på min eigen norske identitet. Men så stoppa eg opp og reflekterte over den motstanden eg kjende på. Då forstod eg at det ikkje har noko med valet til Ashraf å gjere, det må han få bestemme sjølv. Eg er glad for at han tar debatten, og skulle ønskje fleire tok seg tid til å reflektere over bodskapen hans.

– Kvifor?

– Fordi han peiker på noko som går litt under radaren i den store debatten. Det handlar om å kunne definere seg sjølv på eigne premissar. I innlegget les eg ei sorg over å måtte gå rundt og prove overfor alle desse menneska at ein faktisk er norsk. Vi må ta denne kjensla på alvor.

Fellesskapet

Spørsmål om kva ein nasjonal identitet inneber, blir diskuterte i mange land. Ali meiner at debatten om kva som fell inn under det norske, er viktig.

– Det finst ei forventning om at alle skal kjenne tilhøyrsle og kjærleik til det norske. Den forventninga kan eg for så vidt forstå, men det kjennest til tider urettvist når ein møter motstand i det daglege.

– I Noreg står tanken om fellesskapet sterkt. Er det innsnevrande?

– Vi likar jo å tru at dette er eit egalitært og ope samfunn. Den norske identiteten trykkjer ein likskapstanke til brystet. Men denne likskapstanken kveler òg skilnader og vil ikkje sjå at somme oppfører seg annleis. Sjølv om vi langt på veg har internalisert alle rettane vi har på papiret, er ikkje alle like verna i det norske samfunnet.

– Shazia Majid i VG skriv at dersom mange på sikt sluttar å kalle seg norske, kan det «tynne ut limet som holder Norge samlet».

– Kva er limet i samfunnet? Er det språket? Ytringa til Ashraf er jo skriven på norsk. I så måte er det ikkje ein trugsel mot limet i samfunnet, men heller eit prov på det. Ein må vere trygg på både seg sjølv og landet sitt for å gå ut slik han gjer.

Ali meiner at Ashraf og andre med liknande synspunkt ikkje strittar imot den norske identiteten i seg sjølv, men mot ei snever forståing av det som ikkje famnar kvardagen deira.

– Om vi ikkje tar kritikken av denne snevre forståinga på alvor, vert jo desse debattantane berre endå meir sikre på at dei har rett.

Generasjonsskifte

Tidlegare kulturminister Abid Raja kritiserte Ashrafs haldning i Debatten på NRK sist veke. Han meinte at haldninga hans er både «farleg» og «provoserande». Ali meiner usemja kjem av eit tydeleg generasjonsskilje.

– Raja tilhøyrer ein generasjon der folk vart fortalde at dei måtte gi avkall på all annan bagasje for å verte norske. Ein måtte gå på ski og ete brunost for å vise at ein var norsk.

Det er dette den yngre generasjonen no vil til livs, meiner Ali. Dette er ein generasjon som ikkje vil utslette sine eigne særtrekk for å passe inn i det norske.

– Poenget er at vi vil vere våre eigne personar. Vi vil definere oss sjølve, på eigne premissar.

Likevel er ho opptatt av at identitet er ein kompleks konstruksjon som ikkje oppstår uavhengig av andre.

– Alle menneske ønskjer aksept. Vi vert på mange måtar til i andre sitt bilete. Difor er det ikkje uviktig kva andre menneske tenkjer og seier om ein sjølv. Å skru av utanforblikket har vore frigjerande for meg, men det har ikkje vore lett.

Ali seier at ho sjølv har funne seg til rette med den norsksomaliske identiteten sin, men at vegen dit har vore lang. Ho har sjølv opplevd å stå i ein spagat mellom ulike forventningar og krav til korleis ho skal føle seg.

– Før kjende eg på ei sorg over å vere meg. Men alle har ulike mål for kva det norske er. Skal du tilfredsstille alle, får du aldri fred.

Definisjonsmakt

I all hovudsak er dette ein debatt om definisjonsmakt, meiner Ali. Ho peiker på at det eksisterer ei kollektiv førestilling om det norske, og vi bør ikkje late som om den førestillinga ikkje er der.

– Når Hanne Skartveit i VG påstår at Fawad Ashraf innskrenkar den norske identiteten til eit par flåsete utsegner om å gå på ski og ete brunost, er det å kvele debatten. Ingen stiller spørsmål ved om Skartveit er norsk, sjølv om ho ikkje likar å gå på ski. Ingen testar kor norsk ho er. Ho er skåna for alt det.

Sumaya Jirde Ali meiner at dei som representerer majoritetssamfunnet, har sett seg blinde på sine eigne privilegium. Sjølv om ho forstår at innlegget til Ashraf opprører mange, meiner ho at vi heller bør reflektere over kva han eigentleg vil seie oss.

– Vi er tente med å ta denne debatten, fordi han handlar om kva samfunn vi skal ha. Den kollektive førestillinga av det norske har per no ikkje rom for opplevingane til folk som ser annleis ut.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Den norske identiteten trykkjer ein likskapstanke til brystet.

Sumaya Jirde Ali, forfattar og redaktør

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis