Venstrepopulismen i høgrepopulismens tid
Når alle slags populistar – også dei som er demokratisk sinna – vert støytte ut av det gode selskapet, vert det få anstendige att.
Det Bernard-Henri Lévy er redd for å miste om EU-unionen ikkje vert ført vidare til ein føderal stat, er nettopp dei verdiane fleirtalet i Noreg ville verne ved å halde seg utanfor EU. Det Bernard-Henri Lévy er redd for å miste om EU-unionen ikkje vert ført vidare til ein føderal stat, er nettopp dei verdiane fleirtalet i Noreg ville verne ved å halde seg utanfor EU.
Foto: Salvatore Di Nolfi / NTB scanpixFoto: Salvatore Di Nolfi / NTB scanpix
For litt sidan sende ei gruppe europeiske intellektuelle ut eit opprop skrive av den franske kjendisen Bernard-Henri Lévy. Teksten, trykt blant anna i Aftenposten, «Europas hus står i brann», var eit politisk manifest som ville hindre populistisk siger ved EU-vala i mai. Bodskapen kan verka framand for oss som var med under folkerøystingane om EU i 1972 og 1994, då motstanden kom frå ein nett populistisk prega koalisjon med sterke innslag frå venstresida.
Sidan har «populisme» i Noreg vore folkeleg og demokratisk politikk: distrikt mot urbane sentra, vanlege menneske mot politiske og økonomiske elitar – men utan «sterke menn» og autoritært styre. Ein slik demokratisk populisme kan vise til Hans Nielsen Hauge, Henrik Wergeland og Arne Garborg som føregangsmenn.
Populisme på norsk
Ottar Brox nytta omgrepet «populisme» i bestseljaren Hva skjer i Nord-Norge? i 1966. Venstreradikalaren Hartvig Sætra skreiv i 1971 Populismen i norsk sosialisme, ei bok som vart litt av eit programskrift for oss som den gongen var på den anarkistiske venstresida. Rune Slagstads programutkast for SV frå 1979 – Sosialisme på norsk – var med si vekt på desentralisering og sivilsamfunn ein venstrepopulistisk konservatisme som ville setje grenser for teknologisk og økonomisk vekst på kapitalistiske premissar.
Nordmannen sjølv
Hovudinnslaget i denne venstrepopulismen er ideen om at samfunnsmakta skal liggje den jamne folkesetnaden nær og tene interessene til dei fleste, og at samfunnslivet skal berast av deltakinga til menneska i eit aktivt sivilsamfunn. Eit fritt skule- og universitetsvesen der skulane og universiteta er offentleg finansierte med eit offentleg juridisk rammeverk, men lokalt styrte, skal kunne kallast populistisk. Eit anna venstrepopulistisk kjenneteikn er høg grad av nasjonal suverenitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.