Vatn, vind og stein på avvegar

Naturressursane våre fyk ut av landet i høgt tempo. Det er på tide å ta grep.

Publisert

«Hva skal vi leve av», spurde Torbjørn Røe Isaksen i eit mykje lese Facebook-innlegg nyleg: Kva skal vi leve av om omsyn til naturen sperrar for sjansane til å leve av norsk natur, skog, vindkraft, vasskraft, gruvedrift og industri?

Om spørsmålet er altfor enkelt, ja, nesten naivt, og stiller seg lageleg til for hogg frå alle landets miljø- og berekraftsorganisasjonar, er det liv laga. Men det er òg verdt å stille på ein annan måte: Kven skal leve av norsk skog, vindkraft, vasskraft, mineralressursar og industri?

Nokon bygde Noreg ved å sørge for at goda naturressursane gav oss, vart verande i landet. No er 16 av dei 18 vindparkane som skal vere i drift innan 2020, heilt eller delvis utanlandsk eigde. Det tyske investeringsfondet Aquila Capital eigde i 2017 90 småkraftverk (vasskraftverk med installert effekt på mellom ein og ti MW) i Noreg, med konsesjon på 100 til.

Kven vil jobbe i gruve?

Førre veke fekk det norske selskapet Nussir løyve til å starte kopargruve i fjellområdet med same namn. Medan prosjektet har fått mest merksemd for fjorddeponiet, jublar politikarar, fagforbund og andre i samfunnet kring Repparfjorden over 150 arbeidsplassar.

Og kopargruva kan sjølvsagt ende med 150 fast tilsette som alle slår seg ned samen med familien i Kvalsund eller i det minste i kringliggande område, får skattesetel og sender born i barnehage og handlar i lokalbutikken og har ektefelle i full jobb som går på dugnad i idrettslaget og stiller på liste til kommunevalet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement