Vaksinen som vart så vanskeleg å dele

Skeivfordeling må diskuterast fritt, men vi må ikkje gløyme at hovudproblemet ligg på patentkontoret.

Så lenge vi har få vaksinar, vert vaksinefordelinga aldri perfekt, skriv Siri Helle. Bilete frå vaksinesenteret på Rud i Bærum.
Så lenge vi har få vaksinar, vert vaksinefordelinga aldri perfekt, skriv Siri Helle. Bilete frå vaksinesenteret på Rud i Bærum.
Publisert

Koronaviruset har skapt eit nytt trendord: skeivfordeling. Få dagar så langt i pandemien har det vore så mykje blanda kjensler, ja, rett ut så sterk splitting, som onsdag 12. mai. Varselet om oppstart av radikal skeivfordeling av koronavaksinar gav nokre ein skikkeleg god og andre ein skikkeleg dårleg start på langhelga.

Eg lyt innrømme at for meg vart onsdagskvelden temmeleg blå. Eg er 39 år gamal og bur i ein distriktskommune med høg snittalder. Avhengig av kva rekkefølge vaksineringa av oss mellom 25 og 39 kjem til å gå føre seg i, risikerer eg å verte blant dei 10.000 siste som får vaksine i Noreg. Det kjennest rett og slett nokså kjipt.

Ikkje fordi eg ikkje ser at det bør – kanskje må – vere slik. Ikkje fordi eg ikkje unner dei nye studentane ved OsloMet ei heidundrande fadderveke i august. Men fordi eg er meg sjølv nærast. Slik alle ordførarar og kommunelegar er – anten dei er i Groruddalen eller på Gossa.

Difor var nesten det tristaste med onsdag 12. mai å gå inn på sosiale medium og lese om korleis vinnarane nærast straks prøvde å hindre taparane i å ta opp diskusjonen – å pålegge oss som bur i område som har merka mindre (nokre meiner visst nesten ingenting) til pandemien, å legge oss flate og akseptere og for all del ikkje starte nokon by–land-diskusjon.

Kva vaksiner er og ikkje

At Oslo og kringliggande område har hatt ein tøffare pandemi enn resten av landet, ligg sjølvsagt og urokkeleg til grunn. Men like lite som vi kan gjere om på korleis dei har hatt det, kan vaksinar gjere det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement