JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Vaksinen som vart så vanskeleg å dele

Skeivfordeling må diskuterast fritt, men vi må ikkje gløyme at hovudproblemet ligg på patentkontoret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Så lenge vi har få vaksinar, vert vaksinefordelinga aldri perfekt, skriv Siri Helle. Bilete frå vaksinesenteret på Rud i Bærum.

Foto: Heiko Junge / NTB

5723
20210528
5723
20210528

Koronaviruset har skapt eit nytt trendord: skeivfordeling. Få dagar så langt i pandemien har det vore så mykje blanda kjensler, ja, rett ut så sterk splitting, som onsdag 12. mai. Varselet om oppstart av radikal skeivfordeling av koronavaksinar gav nokre ein skikkeleg god og andre ein skikkeleg dårleg start på langhelga.

Eg lyt innrømme at for meg vart onsdagskvelden temmeleg blå. Eg er 39 år gamal og bur i ein distriktskommune med høg snittalder. Avhengig av kva rekkefølge vaksineringa av oss mellom 25 og 39 kjem til å gå føre seg i, risikerer eg å verte blant dei 10.000 siste som får vaksine i Noreg. Det kjennest rett og slett nokså kjipt.

Ikkje fordi eg ikkje ser at det bør – kanskje må – vere slik. Ikkje fordi eg ikkje unner dei nye studentane ved OsloMet ei heidundrande fadderveke i august. Men fordi eg er meg sjølv nærast. Slik alle ordførarar og kommunelegar er – anten dei er i Groruddalen eller på Gossa.

Difor var nesten det tristaste med onsdag 12. mai å gå inn på sosiale medium og lese om korleis vinnarane nærast straks prøvde å hindre taparane i å ta opp diskusjonen – å pålegge oss som bur i område som har merka mindre (nokre meiner visst nesten ingenting) til pandemien, å legge oss flate og akseptere og for all del ikkje starte nokon by–land-diskusjon.

Kva vaksiner er og ikkje

At Oslo og kringliggande område har hatt ein tøffare pandemi enn resten av landet, ligg sjølvsagt og urokkeleg til grunn. Men like lite som vi kan gjere om på korleis dei har hatt det, kan vaksinar gjere det.

Vaksinering er for framtida. Det er difor det er så viktig for oss alle: Vi veit ikkje korleis den framtida vert, berre at vi vil møte ho vaksinerte. Og nett difor, fordi vaksinen er så viktig for oss, er det så viktig at vi held tunga rett i munnen i forvaltninga av han.

Lat oss difor sjå heilt overordna på kva koronavaksinar skal vere. Fyrst og fremst er det eit verkemiddel for å unngå alvorleg sjukdom og død. Dernest eit verkemiddel for å unngå alvorleg nedstenging av samfunnet og minimere konsekvensar for enkeltpersonar og samfunn.  

Av det følger kva vaksinar ikkje skal vere: ei løn for å ha hatt eit vondt og vanskeleg år.

Legitim uro

Det vil på ingen måte seie at dei som har hatt det vondast og vanskelegast under pandemien, skal nedprioriterast i vaksinekøen. Når fortid og framtid stemmer overeins, som er det som skjer no når det å vaksinere dei hardast nedstengde områda fyrst er det som opnar samfunnet fortast, er sjølvsagt ingenting betre enn det. Men det kan ikkje verte eit mål i seg sjølv. Og når noko betyr så mykje for så mange som denne vaksinefordelinga gjer, vert det skikkeleg viktig å ha mål, middel og både tilsikta og utilsikta konsekvensar klart føre seg.

I det ligg også å tole ein god porsjon kritikk og klaging. Då skeivfordelinga vart stadfesta 19. mai, var det på bakgrunn av ei spørjeundersøking Helsedirektoratet og statsforvaltarane hadde utført i kommunane. 166 av dei 266 kommunane som svara på undersøkinga, sa dei kunne klare det nye vaksinetempoet i fellesferien. 63 kommunar har ikkje svara, blant dei alle i Vestland fylke: Dei har i staden sendt eit klagebrev der dei mellom anna peikar på manglande personell i ferien og risiko for å kassere dosar. Typiske feriekommunar som Aurland er uroa for smittetrykk når innbyggartalet samstundes mangedoblar seg i sommarmånadene.

Dette er ei legitim uro. I motsetning til ei nedstenging er ei gjenopning ikkje eitt svar med to strek under. Det ville vore like vanskeleg å argumentere mot å prioritere vaksinar til lærarar, buss- og drosjesjåførar (hugs at drosjesjåførar er tilnærma ambulansepersonell mange stadar), politi, blinde eller personar med autisme. Så lenge vi har få vaksinar, vert vaksinefordelinga aldri perfekt.

Hovudproblemet

Nett difor kan vi med fordel løfte blikket litt om diskusjonen kjennest for trong her heime. Det verkelege problemet er jo ikkje nokre veker frå eller til – det er ein global vaksinemangel. Der vi i høginntektsland i snitt har vaksinert éin av fire, er ein i låginntektsland ikkje komen lenger enn éin av 500. Vaksinesamarbeidet Covax strandar under vaksinemangelen – 100 millionar lova dosar har alt krympa til 38 millionar.

Noreg lovar fem millionar ekstra dosar i løpet av hausten og våren, men så lenge produksjonen er så mykje lågare enn etterspurnaden, vert det som symptomdøyving å rekne. Særleg samstundes som vi sit med styringshanda på det som ligg monaleg nærare sjølve sjukdomskuren: patentrettane.

Noreg, ved WTO-ambassadør Dagfinn Sørli, tok nyleg over leiinga i TRIPS-rådet i Verdshandelsorganisasjonen (WTO). Dette er rådet som bestemmer korleis verdshandelen med nettopp patentrettar går føre seg, og for tida handsamar dei forslag frå ei rekke fattige land om å oppheve patentrettane for nettopp koronavaksinar.

Det nye forslaget er ein innskrenka versjon av eit forslag som vart stemt ned i WTO i april, og mellom landa som har ymta frampå om å godta patentletten, er USA. WTO har mekanismar for å godta slike lettar – dei må berre våge å bruke dei.

For er det éin ting som ikkje bør få stogge vaksineringa, er det økonomisk motiverte ideologiske prinsipp. Medan heile verda står på hovudet, kan sjølv ikkje legemiddelbransjen vente at alt skal gå føre seg slik det vanlegvis gjer. Koronapandemien er ein unntakstilstand, og patentlovgjeving er ikkje noko unntak.

Her har Noreg ein sjanse til å utgjere ein skilnad. Den bør – eller må – vi bruke.

Siri Helle er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det verkelege problemet er jo ikkje nokre veker frå eller til – det er ein global vaksinemangel.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis