Twin Peaks

Twin Peaks er mystikk for folket.

FBI-agent Dale Cooper, spela av Kyle MacLachlan, i sesong 1 (1990).
FBI-agent Dale Cooper, spela av Kyle MacLachlan, i sesong 1 (1990).
Publisert

Tidleg i fjernsynsserien Twin Peaks samlar FBI-agenten Dale Cooper den lokale politistyrken rundt ei flyttbar krittavle i skogen, og held eit kort føredrag om Tibet og buddhisme. Han forklarar landsbykonstablane at han rår over evna til å late tanken styra stoffet.

Så set han i scene ei steinkasting mot ei tomflaske på ein stubbe eit godt stykke unna. Éin stein vert kasta for kvar person mistenkt for drapet på ungjenta Laura Palmer. Då flaska vert treft idet han konsentrerer tanken om éin særleg mistenkt, vert vidare politiarbeid konsentrert om nett denne personen. Alt med Tibet-kartet i bakgrunnen.

Upopulært vart populært

Ingen hadde på førehand tru på at ein detektiv som Dale Cooper, denne blandinga av nystrigla mormonmisjonær, alltid opplagt zenbuddhist og einsam privatetterforskar, i spissen for eit absurd persongalleri som omfattar ei klårsynt dame som kommuniserer med ein vedkubbe, og den kjenslevare politimannen Andy som ikkje toler synet av skadde menneske utan å breste i gråt, skulle vinne eit stort publikum.

Men fordi serien blandar absurd humor med klassisk krim, og skaper truverd gjennom sterke skodespelarar og ei samanhengande forteljing, vert ein lett fengsla. Og Twin Peaks vart ein stor publikumssuksess og dessutan ein kritikarfavoritt med dei to sesongane i 1990 og 91. Då slutta Twin Peaks med ein cliffhanger og ei ymting om framhald 25 år seinare.

Etter 26 år går no tredje sesong, der filmskaparane David Lynch og Mark Frost igjen vinn seg nokre framandgjorde skeptikarar, men langt fleire begeistra tilhengjarar, nett som førre gong. I denne tredje sesongen møter vi att dei fleste skodespelarane frå 1990–91, berre 25 år eldre. Har ein late seg forføre av dei to fyrste sesongane, vil ein fylgje med på den tredje, som så langt ser ut til å kunne verta ein endå betre sesong enn dei to fyrste.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement