JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Totalitær pengemakt

Kven utfordrar det liberale demokratiet i dag?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5889
20210521
5889
20210521

Skal grunnlovsdagen handla om noko meir enn russebråk, smitte og knivstikking i Frognerparken, må vi kunna ta fram dei store spørsmåla i desse maidagane.

Då Karl Popper, filosof og samfunnkritikar, skreiv sitt generaloppgjer med totalitære samfunn i 1942, peika han på to fiendar av det opne samfunnet: kommunismen og fascismen. Det var ein presis analyse, og Popper visste kva han skreiv om, for han måtte rømma frå Austerrike, og enda sine dagar som ein adla og høgt respektert akademikar i Storbritannia.

Ved tusenårsskiftet var dei fleste kommunistiske diktatura borte og erstatta dels av liberale demokrati, dels av totalitære statar – men begge med økonomisk liberalisme.

Men den antikommunistiske retorikken overlevde. I somme miljø er det nok å nemna skatt og offentleg ansvar for helsevesen, så skrik ein opp om kommunisme. Særleg tydeleg er det i USA, der ord som sosialisme og kommunisme er nok til å stogga ein verkeleg debatt om til dømes organiseringa av helsevesenet. Inntrykket som fester seg, er at kommunismen og den statsstyrte økonomien framleis er den fremste fienden til demokratiet.

Handel med val

Skal vi diskutera kva som trugar demokratiet i dag, vil mitt forslag vera at det er pengemakta. Det er blitt demonstrert gjennom to store valskandalar: den britiske brexit-folkerøystinga og presidentvalet i USA i 2016. I begge høve kunne pengesterke aktørar kjøpa datakraft som manipulerte veljarane ved utspekulerte former for personleg påverknad gjennom oppkjøp av data om einskildpersonar. Om dette faktisk førte til brexit-ja og Trump-siger, er vel vanskeleg å seia. Det prinsipielt utfordrande er at ein aktør med nok pengar, kan kjøpa tenester som underminerer sjølve hjarta i demokratiet: det frie og uavhengige valet.

Men pengemakta undergrev demokratiet på fleire måtar. Fundamentalt i den liberale tradisjonen er at alle menneske er fødde med visse fundamentale rettar, at desse rettane er like for alle. Dei liberale pionerane tenkte seg ikkje at dette skulle føra til at alle hadde like stor rikdom, tvert om var sjansen til å bli rik ein av desse rettane, og ikkje alle ville lukkast like godt.

Oppdrettsjus

Men blir dei økonomiske ulikskapane for store, blir også dei juridiske rettane oppheva. Folk utan økonomiske midlar har ikkje råd til å skaffa seg juridisk hjelp. Store firma med uavgrensa kapital kan derimot pressa grensene for lovverket utan å få straff, fordi dei har råd til å halda seg med juridisk kompetanse. Ein fiskar som får levebrødet sitt øydelagt fordi oppdrettsanlegga legg fjorden hans øyde, har i realiteten ikkje rettsvern, fordi oppdrettsnæringa har for mykje pengar.

Oppdrettsnæringa har også fått gjennomslag for at den økonomiske vinsten må vegast mot dei eventuelle skadeverknadane på miljøet. Det vil seia at dersom du tømmer eit tonn gift i havet, så kan du bli straffa dersom du ikkje tener pengar på det. Men tener du svært mykje på det, vil det vega opp lovbrotet, og du går fri. Det illustrerer at pengemakta trugar ikkje berre den sosiale likskapen, men også rettsvernet.

Nav-skandalen

Eit anna døme er korleis ein behandlar sosialt svake klientar i Nav-systemet. I den såkalla Nav-skandalen viste det seg at ein kunne dømma og fengsla folk utan at det juridiske grunnlaget var i orden. Dette var grupper med liten tilgang til juridisk kompetanse, og staten overkøyrde og overhøyrde til og med det domstolane sa. Mangelen på økonomisk kraft svekkjer altså rettsvernet til folk.

På det politiske feltet har det utvikla seg ein sterk lobbykultur der sterke pressgrupper får direkte tilgang til politiske miljø og gir premissane for politikken. Både oljenæringa og oppdrettsnæringa er gode døme på dette; dei kan langt på veg definera sine eigne vilkår. Den økonomiske styrken set dei frie politiske vurderingane meir og mindre ut av spel.

«Den usynlege handa»

Då dei liberale prinsippa vart formulerte, var det i opposisjon til eineveldets ordning med privilegium. Konge og adel bestemte kven som hadde lov til å driva næringsverksemd. Det nye borgarskapet kravde fridom frå denne ordninga og ville driva fri næringsverksemd. I denne kampen, var interessa for fritt næringsliv og generell politisk fridom same sak. Det er bakgrunnen for trua på «den usynlege handa» til Adam Smith og for Hegels formulering om at den moderne staten gjer at dei individuelle interessene fell saman med statens interesser. Liberale talsmenn i dag tenkjer i same banar: Det som er godt for pengeinteressene, er godt for alle.

Maktfordeling

Slik er det ikkje lenger. I staden må ein tenkja i maktfordeling. Det må vera balanse mellom stat, marknad og kultur. Blir staten for sterk, lid både næringsliv og borgarar. Blir staten borte, blir det verst for dei sosialt underlegne, og pengemakta blir omsynslaus og tek seg til rette. Blir kulturen for sterk, kan det føra til ideologiske diktatur. Blir han for svak, vil samfunnet falla frå kvarandre i egoistiske kampar.

I dag er pengemakta for sterk. Overnasjonale selskap trugar både ytringsfridommen og dei frie politiske avgjerdene. Rettsvesenet og politikken vaklar i presset frå sterke lobbyar, og miljøinteressene taper for pengemakta.

Alternativet

Alternativet er ikkje å gå tilbake til kommunismens samanslåing av stat og økonomi, som fall gjennom både politisk og økonomisk. Det ein må gjera, er å byggja opp internasjonale organisasjonar som har krefter nok til å regulera og temma dei store selskapa. I den sosialdemokratiske æraen var det betre balanse mellom politikk og økonomi enn det vi ser i dag. Difor må ein leita i den tradisjonen for å finna reiskapar for å temma økonomien tilstrekkeleg til at han kan bli demokratisk.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Blir dei økonomiske ulikskapane for store, blir også dei juridiske rettane oppheva.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis