Ta styringa på jordet

Over halvparten av norsk jordbruksjord er leigejord. Det er på høg tid med ei styrt opprydding.

Publisert

Kva skal til for å få eige ein landbrukseigedom i Noreg? Få rettar er mindre utfordra her til lands enn den private eigedomsretten. Få andre stadar eig så stor del av innbyggjarane sin eigen bustad. Likevel høyrer vi stadig vekk sørgjelege historier om folk som ikkje får gjere som dei vil med landbrukseigedommar dei ærleg og reieleg har kjøpt – sjølv no, halvtanna år etter at regjeringa hevda dei forenkla lovgjevinga kring landbrukseigedommar.

«Vi har med dette styrkt den private eigedomsretten», uttalte dåverande landbruksminister Jon Georg Dale i pressemeldinga. Men hadde han eigentleg det? Eg meiner – så lenge 55 prosent av landbruksarealet i Noreg, i 2019, er leigd?

At over halvparten av jordbruksarealet i Noreg vert drive av nokon andre enn den som eig det, kan knappast kallast nokon siger for den private eigedomsretten. Det kan heller ikkje sjåast som positivt for bonden som driv på leigd grunn, for jordkvaliteten, som er avhengig av langsiktig planlegging, og til sjuande og sist for din og min mattryggleik.

Sams sjuke, ulik medisin

Uføret er skapt av eit langvarig effektivitetsjag. «Færre, men sterkere» var Norges Bondelags slagord på syttitalet. Kvar bonde skulle verte større. Men jord vart det ikkje meir av, så bonden måtte sko seg på naboen som la ned. Naboen selde likevel ikkje, han leigde vekk jorda. Dermed er det normale no at dei få bøndene som er att, driv jord som før tilhøyrde minst fire–fem bønder.

Alle er samde i at situasjonen er uheldig. Det står svart på kvitt i regjeringserklæringa at ein vil «stimulere til at bønder som i dag driver eiendommer, i større grad kan eie disse». Usemja kjem med neste leddsetning: «gjennom nødvendige liberaliseringer av konsesjonsloven».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement