JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Snarveg til humanismen finst ikkje

Like etter massedrapet på Utøya for ti år sidan tok den svenske fotojournalisten Niclas Hammarström ei rekke bilete som syner døde ungdomar på øya. Desse bileta vart ikkje publiserte i pressa i 2011.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5828
20210806
5828
20210806

Bileta er lette å finna på nettet. Under tiårsmarkeringa for 22. juli har mange teke til orde for at store medium skal spreia bileta, medan redaktørane i desse media har halde fast ved avgjerda frå 2011 om ikkje å publisera.

Fleire har meint at viss ikkje bilete av drepne vert spreidde til mange, vil få skjøna kva som verkeleg skjedde på Utøya 22. juli 2011. Varaordføraren i Oslo, Kamzy Gunaratnam, meiner at bileta må spreiast fordi «det er mange som tar lett på 22. juli». Professoren i filmvitskap ved NTNU Anne Gjelsvik meiner at mangelen på bilete frå drapa på Utøya sannsynligvis har «bidratt til at terrorhandlingene på Utøya har blitt lettere å fortrenge, eller å velge bort».

Også journalisten Ivar Benjamin Østebø, som likeeins med Gunaratnam var på Utøya 22. juli 2011, meiner at den teoretiske kunnskapen om terroren treng dei konkrete bileta for å verta verkeleg for oss, og gir to døme: biletet av mannen som fell ned frå den brennande bygningen på Manhattan etter åtaket på tvillingtårna i 2001, og biletet av tre år gamle Alan Kurdi som drukna i Egeerhavet under flyktningkrisa i 2015. Desse to bileta skal ha sørga for at ålmenta skjønte alvoret i hendingane. Utøya-bileta kan la ålmenta ta del i dei traumatiske opplevingane dei overlevande frå Utøya elles må leva åleine med, såleis at ei breiare publisering vert ei solidaritetshandling som kan gjera livet lettare for dei.

«Drapene vi ikke ville se»

I Adresseavisen 8. april i år nyttar spaltisten Daniel Johansen tittelen «Drapene vi ikke ville se» på ein kommentar om Utøya-bileta. Tittelen meir enn underforstår at dei store media lét vera å publisera bileta for å løyna røynda om 22. juli for seg sjølve og andre. Idet Johansen stør seg på Anne Gjelsviks meining om at «store deler av den norske offentligheten har vært preget av et ønske om å gå videre», det vil seia leggja Utøya-hendingane bak seg, skriv han om «mange nordmenns problematiske distanse til 22. juli», som om slik distanse er eit faktum.

Daniel Johansens kommentar er knytt til AUF-boka Aldri tie, aldri glemme, der det vert sagt at «vi må være ærlige om hva som faktisk skjedde 22. juli 2011». Å vera «ærlige» tyder her å leggja ansvaret for terroren på Utøya ikkje berre på det høgreekstremistiske feltet Breivik henta den politiske tenkinga si frå, men utvida dette feltet nærare til det normale høgre.

Johansen syner til at «tillitsvalgte fra AUF [har] kunngjort at den kollektive berøringsangsten for 22. juli nå skal tvinges vekk», og at «dette handlar naturligvis om å identifisere og konfrontere tankene, ideene og aktørene som manet fram ekstrem vold den skjebnesvangre julikvelden», det vil seia at kritikken lyt råka fleire enn berre den vesle flokken som trur på teorien om ei samansverjing for å overlevera Europa til islam. Dinest skriv Johansen: «Er samtidig landet, de overlevende og pårørende nå modne for å vise enda tydeligere hva som rent fysisk utspilte seg på Utøya 22. juli 2011?» Dimed vert ei breiare publisering av Utøya-bileta indirekte knytt til eit breiare politisk oppgjer.

Biletet mobiliserer

Utan tvil kan slike sterke bilete som Østebø nemner, og som eg omtala i starten av denne kommentaren, ha ein sterkt mobiliserande verknad. Men verknaden kan vera tviegga. Dei levande bileta frå det dramatiske åtaket på tvillingtårna på Manhattan 9. september 2001, saman med dei høge dødstala, sende George W. Bushs popularitet i USA til himmels og skapte legitimitet for «krigen mot terror». Langt frå å skapa innsikt i dei samanhengane som førte til den katastrofale vestlege politikken i dei aktuelle områda, medverka bileta frå 9. september 2001 til starten på den rekka av krigar som skapte flyktningkrisa i 2015, der den kurdiske guten Alan drukna i Egeerhavet. Det sterke biletet av den drukna treåringen skapte twitterstorm og påverka media og politikarane, men førte ikkje til at færre drukna: Året etter drukna over 5000 menneske i Middelhavet.

Vi menneske hugsar dårleg når det gjeld det vonde som hender andre enn oss sjølve, på andre stader og til andre tider. Vi er trege og langsame til å finna dei avgjerande årsakene til det vonde som hender. I mange høve skjer det aldri. Det er tvilsamt – kanskje heller ikkje ønskeleg – om vi i vår levetid vil få eit «oppgjer» med 22. juli der alle er samde om dei djupare årsakene. Om det likevel skjer, vil det ikkje vera gjennom fotografi.

Vi som ikkje var på Utøya, kan verta korkje skadde eller vekte av å sjå Hammarström-bileta. Ei kort stund vil vi minnest det forferdelege. Dei som trur på ei varig og ålmenn vekking gjennom spreiing av bileta, trur på magi. Den humanistiske danninga er ei individuell og samfunnsmessig Sisyfos-oppgåve som må utførast om att og om att. Alle treng denne ustanselege danninga, også sosialistar. Ho oppstår ikkje spontant gjennom fotografi, men langsamt gjennom heldig forming i familie, skule, lokalsamfunn og kulturliv. Å hugsa det vonde, skjøna det og motverka det er ein prosess heile samfunnet må ta del i, nett fordi vi er så gløymske når det gjeld det vonde.

Men nokre få kan ikkje gløyma, sjølv om dei gjerne ville. Det er foreldre, sysken, kjærastar og vener til dei som vart myrda. For dei må romanar, sakprosa, samtalar og vitnemål om det som hende på Utøya, vera betre enn massespreiing av bilete som syner den drepne sonen eller dottera i vasskanten. Då framstår massespreiing av bilete som kven som vil, alt no kan sjå på nettet, som umotivert, spekulativ og uverdig.

Kaj Skagen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det sterke biletet av den drukna treåringen

førte ikkje til at færre drukna: Året etter drukna

over 5000 menneske i Middelhavet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis