Slepp lærlingane laus

Vi manglar framleis altfor mange læreplassar i Noreg. Det er både skammeleg og dumt.

Publisert

Lat oss unne oss ein aldri så liten foryngingsdrikk. Ein drikk som tek oss attende til den magiske våren då vi enten nettopp hadde fylt eller gjekk og venta på å verte 18 år. Kjenne på den brusande spenninga som ligg i å få førarkort, kjøpe vår fyrste øl og få vår fyrste jobb. Lærlingplass. Etter tolv år skal vi endeleg stenge skuledøra.

Vi er ganske nøgde med oss sjølve så langt. Nøgde med vala vi har tatt. Om vi no valde yrkesfag trass i gode karakterar, eller trass i at vi eigentleg ikkje orka ein einaste skuledag til, eller rett og slett fordi vi alltid hadde drøymt om å verte elektrikar, frisør, helsefagarbeidar eller gartnar, så stod vi ved det valet vi tok.

Vi gjorde ferdig dei to åra på skule, trass i at 42 prosent av lærarar på yrkesfag melder at elevane deira ikkje har utstyret dei treng for å oppnå kompetansemåla i læreplanen. Vi gjekk ut i det store, ukjende næringslivet og skaffa oss praksisplass heilt på eiga hand, for det måtte vi ha heilt frå fyrste året, og det fekk ikkje hjelpe at dei vi jobba med, var dobbelt så gamle som oss og kanskje ikkje ein gong snakka same språk. Vi stod i det.

Tusenvis manglar

Vi skjøna tidleg at vegen vidare måtte vi også legge sjølv. Skulle vi få lærekontrakt, var det ikkje nok å berre krysse av eit val på ein elektronisk søknad, slik dei som skulle på universitetet, kunne gjere. Nei, her var det ut og selje seg sjølv i ung alder, og det har vi gjort, kanskje igjen og igjen, og likevel kjem vi ikkje gjennom nålauget. Det finst rett og slett ikkje lærlingplassar nok.

Slik har ein stad mellom 6000 og 8000 personar det på denne tida kvar einaste vår i Noreg. Mellom 3000 og 4000 av dei er ungdommar i sitt fyrste utdanningsløp, resten er eldre utan såkalla ungdomsrett. Og trass i at vi allereie i 2018 mangla meir enn 500 elektrikarar i Noreg, fortel elektrikarelev Brahir Karir til bladet Yrke at han har søkt over 800 verksemder utan å få eitt napp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement