Slå ring om sommarjobben
Norsk ungdom har vorte dei minst attraktive arbeidstakarane på sesongarbeidarmarknaden. Det må vi gjere noko med.
Sommaren er her – og med han sommarferien. To månader med skulefri – og for stadig fleire, to månader med lange, late morgonar, lange, late dagar og lange, late kveldar og netter.
For stadig færre norske ungdommar har sommarjobb. Medan tre av fire 17-åringar hadde sommarjobb på nittitalet, var berre éin av fem under 25 år i jobb dei same månadene i 2018. Pandemien har synleggjort kor dårlege vi er til å tilby unge den fyrste jobben deira – og kor lite interesserte mange av dei same unge er i å ta sesongarbeid som er litt eller til og med temmeleg langt unna det dei på sikt kan tenke seg å arbeide med. Problemet er likevel mykje større enn eit par sesongar med stengde sesongarbeidargrenser.
Problemet er systemisk og overgripande. For ikkje berre er det stadig vanskelegare å motivere unge som har nok pengar på bankkontoen og ferieturar betalte av foreldra, til i staden stå tidleg opp og gå på jobb. Det blir òg stadig vanskelegare for dei ungdommane som anten treng pengane eller ser verdien i å ha noko nyttig å gå til også i juli og august, å få den jobben.
Global konkurranse
Årsakene er om lag like samansette, men éi peikar seg likevel ut: global konkurranse. Det er ikkje lett å vere ung, usikker syttenåring og skulle konkurrere om jobbar med importert arbeidskraft med erfaring frå før syttenåringen vart fødd, og monaleg lågare krav til løns- og arbeidsforhold enn dei unge har fått fortalt frå foreldre og LO-patrulje at dei bør stille.
Kor mange jobbavslag skal ein syttenåring tole før det er lov å verte motlaus og gje opp? Eg meiner vi skal syne forståing for at sjansen til å få seg sommarjobb, særleg om ein ikkje har gode kontaktar eller jobb i familien, kan synast så liten at det er lett å gje opp før ein har prøvd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.