JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Skal vi lysa krig mot Iran?

Den 1. september 1939 lyste («erklærte») Frankrike og England krig mot Tyskland. Det var starten på ein grufull krig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4919
20190809
4919
20190809

Etter den tid har det vore mange krigar, men ein høyrer sjeldan at ein lyser krig mot andre statar. Ein snakkar det bort og brukar andre ord, som væpna aksjon, ein kort militær intervensjon, ein militær reaksjon og meir slikt. På den måten kan ein gjennomføra krigar så å seia utan at nokon merkar det – bortsett frå dei som faktisk krigar, og dei som blir offer for krigføringa.

Noreg har vore ein krigførande nasjon på denne måten fleire gonger. Vi var med i krigen i Afghanistan, der vi tok parti i ein borgarkrig. Vi sende soldatar og militært materiell, og det fall folk på begge sider. Men vi lyste aldri krig. Noreg var ikkje offisielt med i invasjonen i Irak, truleg fordi Kjell Magne Bondevik, som hadde vore med i den «væpna aksjonen» mot Afghanistan, hadde lært og blitt klokare. Men vi var i kulissane med rådgjevarar og offiserar. Utanriksminister Petersen ville helst vore med.

Katastrofar

Begge krigane var store katastrofar, med hundretusenvis av falne og eit politisk resultat som ikkje på nokon måte rettferdiggjer krigshandlingane. Det vart illustrert gjennom komiteen som skulle vurdera innsatsen i Afghanistan. Dei fekk eit mandat som ikkje omfatta det politiske resultatet av krigen, dei skulle berre vurdera om dei norske styrkane gjorde det dei fekk ordre om.

Derimot var vi definitivt med i krigen mot Libya, der norske fly stod for ei massiv bombing, med utgangspunkt i basane på Kreta. Det politiske resultatet i Libya var like katastrofalt.

Dei siste to tiåra har altså Noreg vore direkte med i to krigar, og indirekte i ein til – utan å lysa krig.

No kan USA ha invitert oss til å vera med i ein krig til, mot Iran. Den offisielle versjonen er at Iran har blitt aggressive, og at skipstrafikken treng militær eskorte. Det er lite hald i desse påstandane. Iran valde under Obama ein diplomatisk veg, og dei underteikna atomavtalen. Det var USA som trekte seg frå og sette i verk strenge sanksjonar. Det er heilt uklårt kven som gjekk til åtak på skip i Persiabukta; det kan like gjerne vera amerikanske provokasjonar som iranske. Og når Iran arresterte eit skip, var det ein direkte reaksjon på at Storbritannia hadde arrestert eit iransk skip.

I diskusjonen om denne konflikten blir det også vist til at Iran er eit autoritært regime som undertrykker sitt eige folk og bryt menneskerettane. Det er heilt rett, Iran er ikkje eit demokratisk regime og ingen moderne rettsstat. Det er også ein stor opposisjon mot regimet i Iran. Men det amerikanske brotet med diplomatiet til fordel for militære trugsmål hjelper ikkje denne opposisjonen. Det verkar motsett; det styrker regimet, slik ytre fiendar alltid gjer. Den puerile draumen til Trump-administrasjonen er at tilstrekkeleg ytre press skal føra til at Iran gjer alt det USA vil – gir opp atomplanane og innfører vestleg demokrati og menneskerettar. Kor innholt dette resonnementet er, ser ein ved eit lite blikk på Afghanistan, Irak og Libya, som alle er i langt verre tilstand i dag enn før den vestlege krigføringa. Eit anna symptom er at USA, ved å gå til åtak på Iran, styrker Saudi-Arabia, som er eit av dei verste regima når det gjeld rettstilstand og demokrati.

Høgre og FrP

Trass i alt dette ser vi at Høgre og FrP er klare til å senda norske skip og soldatar inn i regionen. Ein høgtståande militær seier til Aftenposten at ein slik aksjon kan føra til full krig i løpet av få minutt. Likevel insisterer ein på at dette ikkje handlar om krigføring, ikkje eingong om militære aksjonar, men heilt uskuldig og nødvendig eskorte av skip i farlege farvatn.

Tyskland, som veit noko om krig og krigsskadar, har gitt eintydig beskjed om at dei ikkje kjem til å delta i ein aksjon av dette slaget. Storbritannia har late seg forleia til å ta eit skip i arrest på diskutabelt grunnlag, og kjem seg neppe ut av det.

Men skal Noreg vera med på dette, må ein i det minste gjera det klart at vi då lyser krig mot eit anna land, som ligg langt borte frå oss, og som ikkje har truga våre grenser. Då opnar vi også for at landet vi krigar mot, slår tilbake. Det vil kosta mange liv, på begge sider.

I den pågåande diskusjonen held utanriksleiinga seg slik tankar frå livet. Dei spelar det amerikanske spelet utan å sjå at det er eit medvite oppspel til ein krig, som USA har illusjonar om vil løysa problema i Iran. I Noreg blir saka knapt nok nemnd i Stortinget; dette skal helst avgjerast i interne møte i den amerikanske ambassaden.

Slik kan ein ikkje behandla spørsmål om krig og krigføring. Det er for alvorleg til det.

Jan Inge Sørbø

Jan Ingen Sørbø er professor
ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skal Noreg vera med på dette, må ein i det minste gjera det klart at vi då lyser krig mot eit anna land, som ligg langt borte frå oss, og som ikkje har truga våre grenser.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis