JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Kvardagsrevolusjonen

Sekstiåttarane er ikkje lenger avvikarar, pionerar eller «folkefiendar» som talar makta midt imot, men er sjølve på ein merkeleg måte vortne både mektige og makteslause.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
AKP (m-l) presenterer den nye leiinga i 1984. F.v.: Arne Lauritzen, organisatorisk nestleiar, Kjersti Ericsson, leiar, og Jorun Gulbrandsen, politisk nestleiar. Dei skulle leia det strategiske tilbaketoget frå væpna revolusjon til «kvardagsperspektivet».

Foto: Henrik Laurvik / NTB scanpix

9176
20180504

Makta og avmakta til sekstiåttarane

Ein serie av Kaj Skagen om arven etter 1968

Avantgarden

1968-oppbrotet uttrykte seg ikkje berre i maoisme og marxisme-leninisme.

Den radikale avantgarden omfatta òg venstresosialistane i SF, feministar av ymse slag, anarkistar og økologar, osb. Kampsakene var mange, som, kvinnekamp, betre arbeidarrettar og motstand mot Vietnamkrigen.

I denne artikkelserien vil eg ta for meg korleis særleg inn­­-
vandringssaka, som seinare er blitt så viktig, frå slutten av 1970-åra stod øvst på lista for dei mest politisk medvitne og best organiserte ungdomsopprørarane i AKP (m-l) og omland.

Dagens radikale pensjonistar kan minna kampsakene sine frå ungdomen og sjå mange av dei vunne i form av store samfunnsforandringar. Men sekstiåttarane har lidd store nederlag òg. Det har ikkje vorte større nærleik mellom politikarar og folk, men mindre. Den politiske sjølvråderetten har heller skrumpa inn enn vakse. Det kapitalistiske økonomiske systemet er ikkje svekt, men styrkt.

Men i privatlivet – det vil seie i lommene av fridom som den økonomiske og politiske makta tillèt oss – er sekstiåttarane no tilårskomne herrar. Kulturradikalismen er lausungen til kapitalismen, sa filosofen Gunnar Skirbekk ein gong. No er lausungen vorten vaksen og lever i borgarleg ekteskap med kapitalisten.

Hatet til Vesten

Det venstresosialistiske verdsbiletet som før 1968 berre vart dyrka av eit lite mindretal, går no inn i horisonten til livet vårt og tenkinga vår. Eit klart døme på dette er synet på den historiske rolla til Europa og Vesten. Den venstreorienterte kritikken av den eurosentriske utviklingsideen som plasserer vestleg sivilisasjon på eit høgare steg i eit historisk utviklingshierarki enn andre sivilisasjonar, har vunne fram overalt.

Den nærast motsette oppfatninga av den europeiske sivilisasjonen som historisk eineståande i sin vondskap, vart i 1960- og 70-åra formulert med kunstnarleg kraft og etisk patos i Jan Myrdals En lillojal europeers bekjennelser og Jens Bjørneboes Stillheten. Men det som då var opprørske tankar på ein politisk ytterfløy, kan vi no finne i lærebøkene på ungdomsskolen, om enn i svekt form. Den grunnleggjande kritikken av vestleg sivilisasjon hos radikale forfattarar som Myrdal og Bjørneboe gjekk over i identiteten til den yngre generasjonen, og fann derifrå vegen inn i horisonten for korleis vi i dag lever og tenkjer.

Kritikken av Vesten var fyrst eit uttrykk for ønsket om å avløyse det kapitalistiske økonomiske systemet med ei meir rettvis ordning. Men fordi slik kritikk ofte var revolusjonær og knytt til marxistisk klasseteori, fekk dei vestlege opposisjonelle eit problem med at den vestlege arbeidarklassa gjennom kapitalisme og sosialdemokrati var vorten velståande.

I eit globalt perspektiv kunne det sjå ut som om dei vestlege underklassene var ein del av overklassen, medan den verkelege underklassa levde i den fattige, tredje verda. Rikdom og fattigdom, velferd og naud følgde så å seie hudfargane: dei kvite var alltid rike, dei farga alltid fattige. Dette førte til at etterkrigstidas marxistiske renessanse aldri kom seg heilt fri frå ein skugge av rasetenking.

Imperialisme

Den arketypiske teksten som fremja slik marxistisk rasetenking, var Jean-Paul Sartres føreord til Franz Fanons Jordens fordømte frå 1961. Her retta Sarte raseriet sitt mot «europearane» og det «feite, bleike (europeiske) kontinentet». Ikkje berre leiarane i kolonimaktene, men òg dei europeiske folka var skuldige i brotsverka til imperialismen. I Europa var «det å vere menneske det same som å vere medskuldig i kolonialisme, fordi vi alle utan unnatak har profittert på den koloniale utbyttinga». Dimed oppstod tendensen til å oppheve skilnaden mellom klassar og individ i Europa og Vesten; alle vart «kvite».

Men implisitt i Sartres raseri låg det likevel eitt unnatak. Den «kvite» som gjekk til åtak på Vesten, gjekk fri, fordi han tok standpunktet til dei fattige. Han vart, som Jan Myrdal sa, «ein illojal europear». I marxistisk perspektiv var han ein borgar eller småborgar som skifta klassestandpunkt og gjekk over til arbeidarklassen. Men no gjekk dei globale klasseskilja mellom hudfargane. Sartre og dei som tenkte og handla som han, skifta ikkje berre syn; dei skifta hudfarge.

Dette greip Dag Solstad intuitivt i Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land (1982), der den skuffa marxist-leninistiske lektoren andlet til andlet med maoismenederlaget heldt fast grunnideen i verdsbiletet sitt med orda: «Jeg gjør alt for ikke å være en hvit mann.»

Venstresidetraume

Frå det revolusjonære oppsvinget på 1960-talet til maoismens fall etter Maos død i 1976 og verdskommunismens fall i 1989–90 var det lett å vere revolusjonær. Halve verda var kommunistisk, ein milliard kinesarar gjekk som eit enormt marxistisk hornorkester i spissen for historietoget mot det sosiale paradiset, og i høgttalarane høyrde vi alt varsla om snarleg framkomst i det lova lukkelandet. Det såg ut som om det berre var eit spørsmål om tid før heile kloten var «frigjord», og i denne kampen stod dei norske radikalarane tett saman med frigjeringsrørslene i den tredje verda.

Men fleire uventa sjokk traumatiserte den venstresosialistiske rørsla: Kinas overgang til kapitalistisk diktatur under Deng Xiaoping i 1979, massakren mot demokratidemonstrantane på Tienamen-plassen i Beijing i 1989 og samanbrota i Sovjetsambandet og dei austeuropeiske landa i 1990–91. Venstresosialismen er aldri komen over desse lagnadsslaga; dei var for harde, vonde og personlege, òg for udogmatiske sosialistar som ikkje hadde selt sjela si til Moskva eller Peking.

Det som gjekk tapt, var trua på at kommunismen var praktisk gjennomførbar. Revolusjonane i Russland og Kina hadde ikkje skapt den lukka dei lova, men dette var ikkje så viktig. Det hadde ikkje så mykje å seie at desse revolusjonane hadde fått nokre kritikkverdige resultat som hungersnaud, konsentrasjonsleirar og diktatur. Det viktige var at dei utfordra kapitalismen og «prova» at historia ubønhøyrleg gjekk i lei av kommunisme overalt. På grunn av Lenin og Mao kunne vi vite at folket var i stand til å velte dei kapitalistiske økonomiske og politiske systema over heile verda.

I 1980- og 90-åra fall denne trua. Det at Kina, Sovjetsambandet og Aust-Europa sa farvel til kommunismen, råka identiteten til venstreradikalarane så grunnleggjande at mange som hadde levd med sosialismen heile livet, brått tok ut skilsmisse. Andre forstumma og sokk attende i det private. Ingen var urørde. Ein meir enn hundre år gamal tradisjon som hadde gjeve svaret på alle gåtene til den moderne tida, var med eitt knust og ferdig. Kva no?

Kvardagsperspektivet

Dei radikalarane som heldt fast på livsprosjektet sitt, måtte gje opp tanken på snarleg reform av det verdsøkonomiske, kapitalistiske systemet, og i tillegg akseptere at det i overskodeleg tid ikkje fanst noko truverdig alternativ til det liberale, representative demokratiet med floraen av politiske parti og jamlege valkampar. Det var to digre nederlag.

I praksis innebar dette at radikalarane måtte forsone seg med det verste dei visste: den nyliberalistiske kapitalismen som lenka folk fast i rolla som utbytta arbeidskraft og undergrov ideane om lokal og nasjonal sjølvråderett. Kva var det då att av heile sosialismen?

I det marxist-leninistiske miljøet, som kanskje var aller hardast råka, skjedde krisehandteringa mellom anna gjennom eit strategisk tilbaketog til det Kjersti Ericsson, AKP (m-l)-leiar i 1984–1988, kalla «kvardagsperspektivet»: Ho meinte at dei revolusjonære måtte leggje dei politiske og økonomiske revolusjonane på is og konsentrere kreftene om mindre oppgåver ein faktisk kunne løyse, fortrinnsvis knytte til den kvardagslege livsverda. Heilt konkret tydde dette at dei revolusjonære måtte satse på kvinnekamp og antirasisme.

I Den flerstemmige revolusjonen (1991) gjekk Kjersti Ericsson inn for å «bygge opp sosiale krefter, rørsler, organisasjoner, organisasjonsformer, allianser, arbeidsmåter, kunnskap og bevissthetsformer som peker framover, som ’foregriper’ sosialismen», eller sagt på eit anna vis: Dei revolusjonære skulle før revolusjonen skape samfunnsformer og former for medvit som auka sjansen for at revolusjonen, når han kom ein gong i framtida, ville lukkast.

Programmet til Ericsson var å gå inn for ein kulturrevolusjon som kunne bane vegen for eit seinare politisk og økonomisk systemskifte. Hovudsakene var som sagt kvinnekampen og antirasismen – og den sistnemnde var i praksis ein kamp for innvandrarar og innvandring.

Sekstiåttarane hadde naturlegvis òg andre kampsaker, men frå slutten av 1970-åra var det desse som stod øvst på lista for dei mest politisk medvitne ungdomsopprørarane i AKP (m-l) og omland.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Framhald neste veke

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein meir enn hundre år gamal tradisjon som hadde gjeve svaret på alle gåtene til den moderne tida, var med eitt knust og ferdig. Kva no?

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis