PolitikarprestaneKyrkja, som i dag taler som med éi røyst for dei utsette og einsame, nett som alle andre gjer, har sidan 1970-talet forfølgt og fordrive alle dei teologiske einstøingane sine.
Kyrkja, som i dag taler som med éi røyst for dei utsette og einsame, nett som alle andre gjer, har sidan 1970-talet forfølgt og fordrive alle dei teologiske einstøingane sine.
I 2014 heldt fungerande biskop Anne-May Grasaas tale framfor Stortinget under demonstrasjonen mot IS. Bak henne står fleire muslimske leiarar.
Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix
Prestane er blitt politikarar. I eit intervju med Vårt Land i førre veke vart bispekandidaten Anne-May Grasaas presentert over to avissider, og vi fekk vite at det viktigaste for henne er «menneskeverd, fred, forsoning» og innsats for «alle utsatte». Hjertesakene hennar er flyktningkrisa og overgrep mot born. Alt dette er gode saker, men kvifor stiller ho då ikkje til val for Venstre, KrF, SV, Arbeidarpartiet eller Miljøpartiet, heller enn å verte biskop?
Som kyrkjegjengar kjem det meg ikkje ved at prosten i Nord-Helgeland, Olav Rune Ertzeid, meiner at «vi» – det vil seie den vestlege verda – «bygger vår velstand på fattige», og dimed ser ut til å abonnera på ein ideologi som seier at velstand er noko ein snublar over og som enkelt kan delast likt på alle, utan omsyn til samfunnsordning, sivilsamfunn, arbeidsmoral, rettsordningar, korrupsjonskultur, borgarmedvit, religion og så bortetter.
Når kyrkjefolk slengjer ut personlege synsmåtar som om politikk og økonomi berre har med moral å gjere og kviler på objektivt grunnlag, så legg dei politikken inn i eit dogmatisk og autoritært skjema, og påstår underhanda at det ikkje kan finnast andre godt grunngjevne synspunkt enn deira eigne.
Ei autoritær kyrkje
Kyrkja er like autoritær i dag som på Ole Hallesbys tid, berre at grensene for kva dei tillèt no, fell meir saman med god tone elles i samfunnet. Hallesby kunne enno vekke kraftige reaksjonar, som den såkalla «helvetesdebatten» i 1953, etter ein radioandakt bygd på kyrkjelæra om æveleg fortaping. I 1975 gjekk Borg-bispen Per Lønning frå stillinga si i protest mot lova om sjølvbestemd abort, noko som skapte bølgjer langt utanfor kyrkja og uro ved middagsborda i alle slags miljø. I dag har kyrkja tilpassa seg tidsånda.
Dimed har teologane gjort seg usynlege. Kyrkja, som i dag taler som med éi røyst for dei utsette og einsame, nett som alle andre gjer, har sidan 1970-talet forfølgt, frose ut og fordrive alle dei teologiske einstøingane sine, og har ingen markante personlegdomar att. Då Børre Knudsen og dei andre abortprestane forsvann ut for nokre år sidan, vart det roligare i kyrkja, men òg meir einsformig. Den sjølvtenkjande presten Helge Hognestad vart pressa ut først på 1980-talet for interessa si for nyåndelege straumdrag, før han vart sett inn i kyrkja att; men sidan han stadig ikkje kunne halde synspunkta sine for seg sjølv, har han sidan 2010 freista eit merkeleg prestetilvære med preikeforbod ein plass i Hamar bispedømme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.