Nytt år, ny budsjettpine
Med årsskiftet kjem budsjettpina. Ein har så mange gode føremål i stat og kommune, og så altfor lite pengar.
Så kjem det trugsmål om nedlegging og innskrenking, og folkelege motreaksjonar.
I helsevesenet har denne prosessen fått eit særleg vondarta forløp som det kan vera verdt å sjå nærare på. I min region må helseføretaket spara 200 millionar kroner på årets budsjett. Det trugar drifta på somme av dei mindre institusjonane, som ein klinikk for psykisk helsevern på Sjøholt og eit veldrive senter for rehabilitering i Volda.
Dynamikken er underleg. Dei små institusjonane driv godt, får gode attestar frå alle hald, og ikkje minst: Dei brukar ikkje ei krone meir enn dei har. Dei har levd farleg i årevis, og veit at slikt ikkje blir tolt. Det er altså ikkje dei som har brukt for mykje. Grunnen til at pengane er knappe, ligg ein annan stad. Dels fordi region- og universitetssjukehusa (St. Olav) sprengjer budsjetta sine, og dels fordi ein har baka inn kostnadane ved eit framtidig nytt sjukehus i driftsbudsjettet.
Meir enn inflasjonen
Dette fenomenet er ikkje eineståande for min helseregion. Det eventyrlege storsjukehuset i Oslo vart i 2016 kalkulert til 20 milliardar kroner. Alt no er det brukt 200 millionar berre på planlegging, og i september i fjor gjekk tillitsvalde ved Aker sjukehus ut med bekymringane for at det nye anlegget ville føra til redusert drift hos dei. På dei to åra sidan 2016 har kalkylane på det nye sjukehuset stige frå 20 til 25 milliardar. Det er meir enn inflasjonen, for å seia det mildt.
Vi ser altså den same dynamikken i Helse Sør-Aust. Dei mindre institusjonane får budsjetta sine pinte ned på grunn av byggjeplanane til dei større institusjonane. I Oslo har ein også sleppt til ein del fantastar som fritt har konstruert planar utan å måtta tenkja på prisen. Politikarane har vanskar med å styra prosessen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.