Nei takk til uforståelege klimaavtalar
Vi stoggar ikkje global oppvarming med ein klimaavtale som 99 prosent av verda ikkje skjønar noko av.
Før det svenske valet i år gjekk Greta Thunberg til skulestreik for klimaet. I førre veke heldt 15-åringen tale på klimatoppmøtet i Katowice i Polen.
Foto: Hanna Franzen / TT News Agency / Reuters
Så fekk verda ein klimaavtale i 2018 òg. Same år vi fekk rapporten som syner at 2 grader global oppvarming gjev monaleg høgare risiko for alvorlege økosystemkonsekvensar enn 1,5 grader global oppvarming, skal vi juble over å ha fått eit regelverk for ein avtale med mål om å avgrense global oppvarming til 2 grader.
Ja, det er enno ein «nedenfra og opp-avtale», ifylgje klima- og miljøminister Ola Elvestuen på Søndagsrevyen førre veke. Mon det.
Avtalane
For kva er eigentleg Paris-avtalen? Kva vart dei samde om i Katowice i Polen i førre veke? Både Aftenposten og nrk.no har publisert artiklar med titlar som «Seks viktige ting å vite» og «Dette ble de enige om». Men kva står det eigentleg i artiklane, og kva står det i avtalane?
«Regelverket tar for seg hvordan land skal overvåke egne utslipp, og det regulerer hvordan utslippskuttene skal gjennomføres», skriv Aftenposten. Utan å gå inn på korleis utsleppskutt skal gjennomførast, eller korleis land skal overvake eigne utslepp.
Det er ikkje så rart. Ein må nesten vere klimabyråkrat på fulltid for å ha tid til å sette seg inn i skilnaden på Clean Development Mechanism (CDM) i Kyoto-protokollen og dei nye marknadsmekanismane i artikkel 6.4 i Paris-avtalen. Kvifor i alle dagar er det viktig for å hindre dobbeltføring av utsleppsreduksjonar at det står «corresponding adjustments» 43 gonger i avtaleutkastet? Og kva får det å seie når ein uansett ikkje har vorte samde om kva ein skal gjere med utslepp som ikkje er del av nasjonale utsleppstal?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.