Narrespelet i LibyaMedan den britiske rapporten leverer eit kraftig åtak på handlemåten til Cameron-regjeringa, er den norske rapporten langt på veg eit reint forsvarsskrift for Stoltenberg-regjeringa.

Medan den britiske rapporten leverer eit kraftig åtak på handlemåten til Cameron-regjeringa, er den norske rapporten langt på veg eit reint forsvarsskrift for Stoltenberg-regjeringa.

Rapporten går langt i å orsake statsminister Jens Stoltenberg for at regjeringa mangla både informasjon og røynsle frå Libya. Her vitjar Stoltenberg dei norske pilotane på Souda Air Base på Kreta i Hellas, ein base for bombetokt mot dei libyske stillingane til Gaddafi i 2011.
Rapporten går langt i å orsake statsminister Jens Stoltenberg for at regjeringa mangla både informasjon og røynsle frå Libya. Her vitjar Stoltenberg dei norske pilotane på Souda Air Base på Kreta i Hellas, ein base for bombetokt mot dei libyske stillingane til Gaddafi i 2011.
Publisert

Eit evalueringsutval leidd av tidlegare utanriksminister Jan Petersen la førre veke fram rapporten om Noregs rolle i Libya-krigen. For to år sidan, i 2016, leverte utanrikskomiteen i det britiske Underhuset ein rapport om den internasjonale intervensjonen i Libya i 2011. Komiteen var sett saman av elleve politikarar, seks av dei frå Det konservative partiet, som styrte under Libya-krigen.

Når det hos Petersen-utvalet vert ymta om veikskapar i politikken, til dømes mangel på eigen kunnskap om tilhøva i Libya, iler utvalet deretter til med gode grunnar for at slik mangel ikkje var til å unngå, og kvifor regjeringa likevel, om enn på sviktande grunnlag, måtte handle som ho gjorde.

Der den britiske rapporten er knapp, presis og på under 40 sider, er den norske ordrik, ofte upresis og på 259 sider. Medan den britiske legg vekt på det avgjerande spørsmålet om regjeringa kunne og burde ha visst kva dei gjorde då dei sende inn krigsflya, har Petersen-utvalet tolka mandatet slik at dei ikkje skal vurdere ansvarsforhold i det som skjedde under Libya-krigen, men særleg drøfte praktiske og juridiske spørsmål knytte til Grunnlova og humanitærretten, og til kva rettesnor regjeringa har og burde ha i liknande kriser.

Dette er sjølvsagt viktig. Samstundes medfører det at evalueringa vert meir summarisk når det gjeld saker som den frie ålmenta har vore mykje oppteken av. Det gjeld særleg spørsmålet om dei sivile i Benghazi verkeleg ville vorte utsette for eit folkemord om det internasjonale samfunnet ikkje hadde gripe inn.

Eg vil difor konsentrere meg om dette punktet, som vert handsama i kapittel 6, men likevel er underordna i den norske rapporten.

Katastrofalt inngrep

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement