JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Narrespelet
i Libya

Medan den britiske rapporten leverer eit kraftig åtak på handlemåten til Cameron-regjeringa, er den norske rapporten langt på veg eit reint forsvarsskrift for Stoltenberg-regjeringa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rapporten går langt i å orsake statsminister Jens Stoltenberg for at regjeringa mangla både informasjon og røynsle frå Libya. Her vitjar Stoltenberg  dei norske pilotane på Souda Air Base på Kreta i Hellas, ein base for bombetokt mot dei libyske stillingane til Gaddafi i 2011.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

11343
20180921
11343
20180921

Eit evalueringsutval leidd av tidlegare utanriksminister Jan Petersen la førre veke fram rapporten om Noregs rolle i Libya-krigen. For to år sidan, i 2016, leverte utanrikskomiteen i det britiske Underhuset ein rapport om den internasjonale intervensjonen i Libya i 2011. Komiteen var sett saman av elleve politikarar, seks av dei frå Det konservative partiet, som styrte under Libya-krigen.

Når det hos Petersen-utvalet vert ymta om veikskapar i politikken, til dømes mangel på eigen kunnskap om tilhøva i Libya, iler utvalet deretter til med gode grunnar for at slik mangel ikkje var til å unngå, og kvifor regjeringa likevel, om enn på sviktande grunnlag, måtte handle som ho gjorde.

Der den britiske rapporten er knapp, presis og på under 40 sider, er den norske ordrik, ofte upresis og på 259 sider. Medan den britiske legg vekt på det avgjerande spørsmålet om regjeringa kunne og burde ha visst kva dei gjorde då dei sende inn krigsflya, har Petersen-utvalet tolka mandatet slik at dei ikkje skal vurdere ansvarsforhold i det som skjedde under Libya-krigen, men særleg drøfte praktiske og juridiske spørsmål knytte til Grunnlova og humanitærretten, og til kva rettesnor regjeringa har og burde ha i liknande kriser.

Dette er sjølvsagt viktig. Samstundes medfører det at evalueringa vert meir summarisk når det gjeld saker som den frie ålmenta har vore mykje oppteken av. Det gjeld særleg spørsmålet om dei sivile i Benghazi verkeleg ville vorte utsette for eit folkemord om det internasjonale samfunnet ikkje hadde gripe inn.

Eg vil difor konsentrere meg om dette punktet, som vert handsama i kapittel 6, men likevel er underordna i den norske rapporten.

Katastrofalt inngrep

Heile den norske krigsinnsatsen kviler på at regjeringa måtte tru at militær intervensjon ville berge sivile frå massive overgrep frå Gaddafi-hæren. Hadde norske politikarar god grunn til å tru dette? Eller hadde dei betre grunn til å tvile på det?

Det vi veit i dag, er at utfallet av borgarkrigen i Libya vart avgjerande påverka av den militære intervensjonen, og at resultatet til slutt vart katastrofalt.

I 2016 sa FN at 3 millionar av Libyas 6,3 millionar innbyggjarar vart råka av den væpna konflikten og den politiske ustabiliteten i landet, og at 2,4 millionar hadde trong for vern eller humanitær hjelp.

Det vil seie at den «humanitære intervensjonen» i Libya, bombinga for å verne dei sivile, var med på å skape ei stor humanitær krise.

Libya vart eit statslaust og lovlaust område, prega av militsar. Det økonomiske livet braut saman. IS rykte inn og sette seg fast i området kring Sirte. Det vart opna nye ruter for menneskesmugling som leidde til at om lag 3000 menneske drukna i Middelhavet berre i 2017. Dei libyske våpenarsenala kom på avvegar og forsterka andre konfliktar som i Mali og heile området der den IS-tilslutta terrorgruppa Boko Haram opererer.

Var det likevel rett å gripe inn for å hindre overgrep mot sivile? Kunne ein ikkje ha visst betre?

Dei sivile i Benghazi

Til NRK seier Stoltenberg at regjeringa «visste mer enn nok til å fatte de beslutningene vi gjorde, og bidra til å stanse forfølgelse av og drap på sivile i Libya», og at han «ville ha gjort det samme igjen» i dag.

Petersen-rapporten seier derimot at «norske myndigheter hadde begrenset tilgang til informasjon og liten direkte erfaring med landet Libya», det vil seie at dei ikkje hadde god «tilgang til etterrettelig informasjon» og hadde vanskeleg for å «få verifisert det som ble rapportert i media om situasjonen i Libya».

Utvalet seier rett ut at det ikkje var dekning for bruken av omgrep som «folkemord» om det som hende i Libya, og at historiene om luftangrep mot sivilbefolkninga «i ettertid har vist seg vanskelig å verifisere». «Det er derfor mye som tyder på at advarslene fra blant andre libyiske opposisjonsgrupper i eksil, enkelte regionale aktører og menneskerettighetsaktivister ble akseptert uten noen form for kritisk gransking, og at de kan ha bidratt til å hausse opp trusselbildet i internasjonale medier.» Sagt med andre ord bygde den norske regjeringa krigsinnsatsen sin på falske premissar.

Dette høyrest ut som ein kritikk av Stoltenberg-regjeringa frå utvalet. Men rapporten går langt i å orsake Stoltenberg for at han og ministrane hans mangla både informasjon og røynsle frå Libya. Styresmaktene hadde ikkje tilgang på god informasjon, det fanst få internasjonale ekspertar på Libya som ein kunne rådført seg med, massemedia var einsidige med få motstemmer. Derfor, seier utvalet, var det ikkje merkeleg at regjeringa trudde det same om Libya som alle andre, sjølv om det alle trudde, var einsidig og ofte feil.

Men at det var einsidig og feil, kunne ikkje regjeringa vite, meiner Petersen-utvalet, ettersom regjeringa ikkje visste noko om Libya. Nett fordi Noreg var utan eigen kunnskap, måtte vi stø oss på synspunkta til FN, Nato, internasjonale medium og Frankrike, den gamle kolonimakta som kjende omstenda i Afrika, seier utvalet.

For meg høyrest dette slik ut: Heile Libya låg i mørker, difor kunne ikkje Stoltenberg-regjeringa handle anna enn i blinde. Men det er ein alminneleg køyreregel å stoppe opp når ein ikkje ser vegen.

Petersen-utvalet tek det ikkje opp som eit fjern tankeeksperiment eingong at regjeringa skulle ha sett med kritisk blikk på noko som kom frå internasjonale medium, FN, Nato og Frankrike, men nøyer seg med å gå inn for betring av prosedyrane for slike avgjersleprosessar i framtida.

På bakgrunn av dette føreslår utvalet at det bør utarbeidast ei «sjekkliste» for kva regjeringa skal ha gått gjennom, før ein sender ut krigsflya. Ein lyt då føye til at på sjekklista må det stå: Ikkje tru alt du les i avisa eller ser på fjernsyn.

Frankrikes rolle

I analysen av kva som faktisk leidde opp til den internasjonale intervensjonen, er den britiske rapporten derimot mykje skarpare og meir konkret enn den norske. Til dømes vert det slått fast at FN-resolusjonen som opna for maktbruk i Libya, og som den norske deltakinga støtta seg på, vart driven fram av Frankrike, som haussa opp trugsmåla mot dei sivile, fyrt opp av opposisjonelle libyarar i eksil og franske intellektuelle som ønskte grunnleggjande endringar i Libya.

Ifølgje den britiske rapporten skal franske etterretningsoffiserar ha oppgjeve fem motiv som den franske president Sarkozy kunne ha for å styrte Gaddafi-regimet: 1. Ønsket om å få ein større del av Libyas oljeproduksjon. 2. Meir fransk påverknad i Nord-Afrika. 3. Gi franske militære høve til å styrkje seg internasjonalt. 4. Stoppe Gaddafis planar om å ta over Frakrikes rolle som dominerande makt i det fransktalande Afrika. 5. Forbetre stillinga si i fransk politikk.

Det britiske utvalet meiner altså at framstillinga av trugsmålet mot dei sivile i Benghazi vart nytta som forkledning for franske nasjonale interesser, og at Frankrike dreiv gjennom ein aksjon for å styrte regimet ved å forkle det som humanitært inngrep. Den norske regjeringa kjøpte altså denne billige vara utan å undersøkje ho nærare.

Rapporten nemner at Gaddafi alt hadde erobra tilbake byar frå opprørarane utan å gå til målretta åtak på sivile. Etter kampane i Misrata synte tal at det var 257 døde og 949 såra, mellom desse 22 kvinner og 8 born, og det britiske utvalet sluttar av dette at Gaddafi-styrkane gjekk etter væpna menn, ikkje målretta etter sivile.

Det britiske utvalet gjev att utsegner om at libyske emigrantar medvite nytta overdrivingar av trugsmålet mot sivile for å bringe vestmaktene inn i krigen. Det same gjeld reportasjar i fjernsynskanalen Al Jazeera, som uriktig melde at Gaddafi nytta fly mot sivile. Ei Amnesty-undersøking frå juni 2011 fann ikkje masseovergrep mot sivile frå hæren si side, men dei fann at opprørarane i Benghazi fabrikkerte falske «prov» på slike overgrep.

Stereotypiar i politikk

Den britiske rapporten seier at «militante islamistiske militsar spela ei kritisk rolle i opprøret frå og med februar 2011», og legg fram synspunkt om at opprøret i Libya var knytt til dei ulike stammene og klanane i landet.

Motstanden mot Gaddafi hadde sentrum i Benghazi og ikkje i hovudstaden Tripoli. Forfattaren og analytikaren Alison Pargeter vert i den britiske rapporten sitert på at denne enkle geografiske kjensgjerninga burde ha synt kommentatorar og politikarar at det libyske opprøret hadde viktige aspekt av stammekonflikt og islamistisk ekstremisme, fordi det austlege Libya med Benghazi frå før var kjent som eit senter for islamistar, og ein visste at mange frå dette området hadde teke del i krigane i Afghanistan og Irak.

Ein kan spørje om ikkje den vestlege stereotypen om at heile verda er i jamn eller ujamn utvikling mot det nordeuropeiske sosialdemokratiet, og at den historiske evolusjonen naturnødvendig vil ende i ein folkefest med kaffi og kringle på Youngstorget i Oslo, eller i modernisert form som ein konferanse for milliardærar og statsleiarar i Davos, hindra politikarane i å spørje kven det var som kjempa mot Gaddafi, og kva det var som hende i Libya.

I rapporten til Petersen-utvalet heiter det at det norske politiske miljøet vona at «den arabiske våren» ville utvikle seg på same vis som opprøret mot kommuniststyret i Aust-Europa i 1989. «Det var en klar opplevelse (i deler av det akademiske og politiske miljø) av at man stod overfor et avgjørende historisk øyeblikk, og håpet var at politisk endring ville skje gjennom folkelig motstand mot autoritære regimer», heiter det i rapporten.

Det kan tyde på at ein trudde store skilnader i historie, kultur og religion er noko ein kan sjå bort frå i den politiske analysen av hendingar i den arabiske verda. Benghazi var berre ei litt eksotisk utgåve av Lillestrøm, eller i alle fall av Aust-Berlin.

Mellom og bak linene

Det er som om ein gjekk til krig i Libya utan innsikt i og kunnskap om landet og situasjonen, gripen av ei stemningsbølgje av verdsdemokrati og ei ny tid. I så fall visste ein ikkje kva ein gjorde, men hadde klokkartru på den revolusjonære mytologien om «despoten og folket».

Klisjear om den vonde herskaren som «klamrer seg til makten ved å bombe sin egen befolkning», som den noverande forsvarsministeren Ine Eriksen Søreide sa, forteikna då ei komplisert røynd til ein karikatur av ein demonisk statsleiar og eit uskuldsreint folk.

Men var politikarane verkeleg så enkle i synet sitt på Libya-krisa? Før Noreg gjekk inn i krigen, var regjeringa tydeleg skeptisk til militær intervensjon, og dette vert lagt fram, men ikkje drøfta i Petersen-rapporten.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre åtvara mot våpenbruk og meinte at eit samanbrot i Libya kunne skape eit farleg maktvakuum i Nord-Afrika. Han såg med andre ord rett, før han brått skifta om ikkje syn, så i alle fall retorikk.

Etterpå sa han i Stortinget at det var snakk om å «stille opp for den libyske sivilbefolkningen og for demokratiske krefter». Dette skiftet frå sterkt medvit om kor farleg den militære intervensjonen ville vere, til å gå fullt inn for han, kunne i seg sjølv vere verdt ein gransking.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For meg høyrest dette slik ut: Heile Libya låg i mørker, difor kunne ikkje Stoltenberg-regjeringa handle anna enn i blinde.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis