Mørkt i matens ville vesten

At daglegvarebransjen no får si eiga lov, gjer lite med det prisdrivne mørkeret han er omgjeven av.

Publisert

Det har tatt åtte år frå det såkalla matmaktutvalet peika på trongen for å lovregulere ein maktsjuk daglegvarebransje i 2011, til ei slik lov vart send på høyring i vår.

I løpet av dei åra har fire daglegvarekjeder vorte til tre, og maktkonsentrasjonen har knappast vorte mindre: Dei tre, Norgesgruppen, Coop og Reitangruppen, håvar inn inntektene av 99,9 prosent av all daglegvarehandel i Noreg. Dette er urovekkande, ifylgje Konkurransetilsynet: ikkje nødvendigvis at nokon er så stor, men at det er så forbaska vanskeleg å vere liten. Det er allment kjent at det er tilnærma umogleg å utfordre dei tre store.

Trass i fleire utval, NOU-ar og mindre utgreiingar som mellom anna har funne for høge prisar og for dårleg utval (prisar på mat i Noreg kan ligge så mykje som 60 prosent over EU-nivået, og utvalet er berre halvparten av det i svenske butikkar), avslørande TV-dokumentarar og ei spesialgruppe hjå Konkurransetilsynet som såg seg nøydd til å gå til razzia for å sikre seg dokument hjå alle tre kjedene, har ein ikkje kome nærare svar på kvifor norsk daglegvarebransje fungerer så dårleg: Ligg problemet i kjedemakta på toppen? Er det i det løynde grossistleddet? I landbrukspolitikken? Eller er det for høg konsentrasjon i leverandørleddet, der tre leverandørar er målt til å ha over 60 prosent av marknaden?

Usamde om formål

Vel. No er ho her: Lov om god handelsskikk skal leggast fram for Stortinget før jul.

No har ein altså endeleg kome fram til korleis ein skal hanskast med bransjen som har fått styre seg sjølv altfor lenge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement