Mellom bakkar og berg er ingen for liten

I dag definerer vi gardar i Noreg etter eitt einaste kriterium: storleik. Det er mildt sagt litt upresist.

Publisert

Kva er ein gard i Noreg i 2020? Jau, han må ha jord, sjølvsagt – jordbruk er jo bruk av jord – og så må han ha menneske som forvaltar denne jorda, enten med produksjonsdyr eller med maskiner eller frø eller med eigne hender, eller kanskje aller helst ein kombinasjon av alt dette. Nokon må altså styre garden – eige han og drive han – om han skal halde fram med å vere noko anna enn rein natur. Men kva er det som avgjer om ein gard skal få lov å halde fram med å vere ein gard også i framtida?

I Noreg i 2020 er det utelukkande storleiken. Ein gard i Noreg i 2020 har minimum 35 dekar – 35.000 kvadratmeter eller fem internasjonale fotballbaner – fulldyrka eller overflatedyrka jord, og må totalt (altså inkludert utmark og skog) vere på minst 100 dekar.

Fem fotballbaner høyrest ikkje så mykje ut. Skal du hauste gras på desse fotballbanene, har du ikkje vinterfôr til meir enn 35 sauer eller seks–sju kyr. Kven kan leve av det, liksom?

Godt over takst

Dette framkasta spørsmålet er i røynda eit stort og viktig spørsmål vi stadig vekk bør stille oss i eit land med sjølvforsyningsgrad på under 40 prosent og eit politisk mål som seier at dette er for lite.

Det er eit spørsmål ei, i den nasjonale målestokken, bitte lita hending for ein dryg månad sidan gjer at vi må stille akkurat no:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement