Makta og avmakta til sekstiåttarane
Gjennom SOS Rasisme fekk den norske antirasistiske rørsla sitt definitive gjennombrot.
Annette Thommessen skulda Arbeidarparti-regjeringa for å «drive en form for statlig rasisme», der finansminister Gunnar Berge gjorde sitt for å «spre rasistiske holdninger» då han i 1987 sa at asylsøkjarstraumen ville koste 1,1 milliardar kroner.
Foto: Knut Nedrås / NTB scanpix
I dei to fyrste artiklane har eg skildra korleis sekstiåttarane tapte i politikken og økonomien, men vann fram på kjønns- og innvandringsfeltet. Men sjølv om dei ideologisk sterke venstreradikale gruppene var pådrivarar i denne utviklinga, er det ikkje sagt at dei åleine var årsak til dei kulturelle endringane.
Utviklinga vart tilrettelagd av både historiske omstende, internasjonale hendingar og teknologisk og økonomisk utvikling. I innvandringssaka spela til dømes den auka migrasjonen i seg sjølve ei rolle. Generasjonsopprøret i 1968 låg i «lufta» og kryssa nasjonsgrensene, og var ikkje eit lokalt produkt av til dømes AKP (m-l). Like mykje var marxisme-leninismen, hippierørsla og liknande produkt av større trendar og straumar.
I desse artiklane vert det ikkje spurt etter slike omfattande årsakssamanhengar, men om gjennomslaget til sekstiåttarane som vart dei fremste eksponentane for mange av tankane i tida.
Som vist i dei to førre artiklane hadde den norske antirasistiske rørsla utgangspunktet sitt i små ideologiske senter på venstrefløya, men nådde i fyrste halvdel av 1980-åra mykje breiare ut. Denne tredje og siste artikkelen i serien er ein kort gjennomgang av utviklinga fram til kyrkjeasylaksjonane i 1990-åra.
SOS-rasisme
Frå 1985 tok den antirasistiske rørsla endå eit steg mot full sosial aksept gjennom SOS Rasisme, som var ei omplanting av den franske masserørsla mot vald og diskriminering som råka minoritetar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.