Makta og avmakta til sekstiåttarane (2)

Sigeren til sekstiåttarane i kjønnskampen er overveldande, men ytre venstre spela ei endå meir sentral rolle på innvandringsfeltet.

Khalid Salimi var sentral i Immigrantenkollektivet, sidan Antirasistisk Senter, som oppfatta Noreg som ein del av eit globalt undertrykkingssystem som ytra seg rasistisk.
Khalid Salimi var sentral i Immigrantenkollektivet, sidan Antirasistisk Senter, som oppfatta Noreg som ein del av eit globalt undertrykkingssystem som ytra seg rasistisk.
Publisert

Då den internasjonale kommunismen braut saman gjennom Kinas overgang til kapitalisme og Sovjetunionens oppløysing, svara marxist-leninisten og den tidlegare AKP-leiaren Kjersti Ericsson med å leggje den politiske og økonomiske revolusjonen på is og satse på «kvardagsperspektivet». I boka Den flerstemmige revolusjonen (1991) gjekk ho inn for ein kulturell revolusjon som førebuing til den politiske revolusjonen. Mellom hovudsakene var kjønnskamp og antirasisme.

Kjønnskampen

Den kulturrevolusjonen ho tilrådde på kjønnsområdet, hadde halde på i alle fall sidan Georg Brandes kom til Kristiania med sin kulturradikalisme på 1870-talet og Norsk Kvinnesaksforening vart skipa i 1884.

Likevel var likestilling og seksuell fridom eit elitefenomen fram til sekstiåttarane tok kulturradikalismen til eit breitt sosialt gjennombrot på 1970-talet, ikkje minst ved at ei radikal merkesak som sjølvbestemt abort vart ført til siger.

I dag er det ikkje lenger «radikalt» eller «opprørsk» å vere feminist, «mjuk mann», motstandar av fastlagde kjønnsroller og diskriminering av det som på 1960-talet enno vart kalla seksuelle minoritetar. På desse områda er vi alle kulturradikalarar, og her har sekstiåttarane sigra på brei front. Avvikarane og minoritetane er no dei som stiller seg tvilande til dei nye normene eller ikkje lever etter dei.

Sigeren til sekstiåttarane i kjønnskampen er så overveldande at vi for lengst har byrja å ta tak i dei negative utslaga som svekt reproduksjonen og faren for genetisk manipulasjon av mennesket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement