JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Innvandringsrevolusjonen

Sigeren til sekstiåttarane i kjønnskampen er overveldande, men ytre venstre spela ei endå meir sentral rolle på innvandringsfeltet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Khalid Salimi var sentral i  Immigrantenkollektivet, sidan Antirasistisk Senter, som oppfatta Noreg som ein del av eit globalt undertrykkingssystem som ytra seg rasistisk.

Foto: Stig Kolstad/NTB Scanpix

13982
20180511

Makta og avmakta til sekstiåttarane (2)

Ein serie av Kaj Skagen om arven etter 1968. Del 2

Avantgarden

1968-oppbrotet uttrykte seg ikkje berre i maoisme og marxisme-leninisme.

Den radikale avantgarden omfatta òg venstresosialistane i SF, feministar av ymse slag, anarkistar, økologar og andre. Kampsakene var mange, som kvinnekamp, betre arbeidarrettar og motstand mot Vietnamkrigen.

I denne artikkelserien vil eg ta for meg korleis særleg inn­­-

vandringssaka, som seinare er blitt så viktig, frå slutten av 1970-åra stod øvst på lista for dei mest politisk medvitne og best organiserte ungdomsopprørarane i AKP(m-l) og omland.

Då den internasjonale kommunismen braut saman gjennom Kinas overgang til kapitalisme og Sovjetunionens oppløysing, svara marxist-leninisten og den tidlegare AKP-leiaren Kjersti Ericsson med å leggje den politiske og økonomiske revolusjonen på is og satse på «kvardagsperspektivet». I boka Den flerstemmige revolusjonen (1991) gjekk ho inn for ein kulturell revolusjon som førebuing til den politiske revolusjonen. Mellom hovudsakene var kjønnskamp og antirasisme.

Kjønnskampen

Den kulturrevolusjonen ho tilrådde på kjønnsområdet, hadde halde på i alle fall sidan Georg Brandes kom til Kristiania med sin kulturradikalisme på 1870-talet og Norsk Kvinnesaksforening vart skipa i 1884.

Likevel var likestilling og seksuell fridom eit elitefenomen fram til sekstiåttarane tok kulturradikalismen til eit breitt sosialt gjennombrot på 1970-talet, ikkje minst ved at ei radikal merkesak som sjølvbestemt abort vart ført til siger.

I dag er det ikkje lenger «radikalt» eller «opprørsk» å vere feminist, «mjuk mann», motstandar av fastlagde kjønnsroller og diskriminering av det som på 1960-talet enno vart kalla seksuelle minoritetar. På desse områda er vi alle kulturradikalarar, og her har sekstiåttarane sigra på brei front. Avvikarane og minoritetane er no dei som stiller seg tvilande til dei nye normene eller ikkje lever etter dei.

Sigeren til sekstiåttarane i kjønnskampen er så overveldande at vi for lengst har byrja å ta tak i dei negative utslaga som svekt reproduksjonen og faren for genetisk manipulasjon av mennesket.

Innvandringspolitikken

Mindre opplese og vedteke er det at sekstiåttarane spela ei hovudrolle i å kjempe fram den liberale innvandringspolitikken. Det var mange årsaker til utviklinga av synet på flyktning- og innvandringssaka hos ålmenta. Veksten i innvandringa førte saka opp som noko alle måtte ta stilling til, og kulturen hos norske politikarar, pressefolk, friviljuge organisasjonar og kristne kyrkjelydar var i utgangspunktet å ta vel imot flyktningar og asylsøkjarar.

Det ytste venstre spela likevel ei sentral rolle som pådrivar for å sjå på liberal innvandringspolitikk som både etisk rett og ein samfunnsmessig føremon, og ikkje minst for å sjå på streng innvandringspolitikk som både open og løynd rasisme.

I denne artikkelserien drøftar eg om synspunkta til sekstiåttarane har fått breitt gjennomslag i samfunnet. Eg tek her ikkje opp om desse synspunkta hadde støtte i dei faktiske tilhøva, noko som ville krevje ein langt meir inngåande studie. Dette handlar altså ikkje om framandfrykt og rasisme i Noreg, men om kva gjennomslag sekstiåttarane fekk på innvandringsfeltet.

I doktoravhandlinga Sosial­moralsk engasjement og politisk aktivisme (2007) går historikaren Knut Nydal gjennom framveksten av ei antirasistisk rørsle i Noreg i tidsrommet 1975–1988. I dette omfattande og lite påakta arbeidet legg Nydal i detalj fram korleis to små miljø på venstresida var dei viktigaste utklekkingsstadene for mykje av språkbruken, tenkjemåtane og aksjonsformene som seinare vart meir vanlege i striden om innvandring og rasisme, særleg når det gjeld samankoplinga av rasisme og innvandring hos nokre deltakarar i ordskiftet .

Dei to miljøa var det marxist-leninistiske partiet AKP(m-l) og Immigrantenkollektivet, ein møteplass mellom innvandrarintellektuelle og sosialantropologar i Oslo. I det følgjande nyttar eg i stor mon Nydals avhandling som kjelde når det gjeld fakta i denne samanhengen, men står sjølvsagt sjølv ansvarleg for korleis fakta vert nytta.

Framandarbeidarane

Tidleg på 1970-talet meinte marxist-leninistane at «importen av fremmedarbeidere [var] en trussel mot norske arbeidere», som AKP(m-l)-organet Klassekampen skreiv under tittelen «Steng grensene». Masseinnvandring av menneske på leiting etter arbeid vart oppfatta som uttrykk for storkapitalens ønske om mobil arbeidskraft på tvers av nasjonsgrensene, og såleis noko arbeidarklassen måtte setje seg til motverje mot.

Men mot slutten av 1970-talet skifta AKP(m-l) hovudvekta frå lina om ei nasjonal kommunistisk utvikling til ein internasjonalisme prega av ideologisk tredjeverd-isme. Partiet meinte no at innvandringsstoggen som Stortinget hadde vedteke i 1975, var eit uttrykk for «statleg rasisme», eit nesten nytt omgrep i norsk samanheng.

I boka Jeg er ikke rasist, men... skriv samfunnsforskaren Ottar Brox i eit kapittel om «statlig rasisme» at omgrepet på 1980-talet spreidde seg på «venstrearenaen, det vil i Norge si AKP med RV og Klassekampen, de antirasistiske organisasjonene og deler av SV og det vi kan kalle venstreopposisjonen i DNA, med utløpere til avisene og NRK».

Før dette hadde AKP(m-l) eit slags monopol på innvandringssaka mellom dei politiske partia, om ein skal tru Nydal. Alt i 1976 hadde Faglig 1. mai-front, som var dominert av marxist-leninistane, laga ei eiga framandarbeidaravdeling med parolar mot rasisme, og knytte dermed innvandringsmotstand til rasisme.

I februar 1978 gav Klassekampen ut eit femspråkleg spesialnummer med «fremmedarbeidere og rasisme» som tema. Få, kanskje ingen, var så tidleg ute som marxist-leninistane med ideen om at innvandringsskepsis djupare sett er rasisme.

Immigrantenkollektivet

Ei anna ideologisk sterk gruppe på venstresida var Immigrantenkollektivet, opphavet til det seinare Antirasistisk Senter. Ideologisk vart det vesle miljøet sterkt prega av den pakistanske forfattaren og menneskrettsaktivisten Khalid Salimi som kom til Oslo i 1976 og ifølgje Nydal tilførte gruppa eit klart definert tredjeverdsperspektiv, det vil seie at det norske samfunnet vart sett i eit globalt perspektiv der den sentrale motsetninga gjekk mellom industrisamfunna som utbytarar og utviklingslanda som utbytte.

Fleire i krinsen rundt Khalid Salimi var studentar ved sosialantropologisk institutt på Blindern, og møtet mellom desse to miljøa førte til skipinga av bu- og arbeidskollektivet Immigrantenkollektivet, som i fellesskap gav ut og redigerte tidsskriftet Immigranten, som kom med sitt fyrste nummer i 1979. Bak tidsskriftet stod ifølgje ein artikkel i Aftenposten 8. mai 1979 «en gruppe på omkring 20 personer», som var «innvandrere og folk fra alle kanter av landet som interesserer seg for politiske spørsmål (...), men som er politisk uavhengige».

I leiarartikkelen til Immigranten heitte det at «Norge er idag et samfunn som består av flere raser», og at i slike «moderne fler-rase-samfunn blir minoriteter – som for eksempel innvandrerne – neglisjert og fratatt de fleste rettigheter» (sitert etter Aftenposten).

Immigrantenkollektivets målsetting var å påvise rasisme i Noreg, som vart presentert som eit land med ei rasistisk historie: «Vi har lang erfaring med diskriminering av andre grupper: 1. samene, 2. sigøynerne, 3. jødene, 4. fremmedarbeiderne» (sitert etter Nydal).

Den famøse «jødeparagrafen» frå 1814, som nekta jødar tilgang til riket, vart plassert i same kategori som innvandringsstoggen frå 1975. På denne måten vart diskriminerande handsaming av innvandring og framandarbeidarar definert som utslag av rasisme, samstundes som rasisme vart forklart som ein makt- og undertrykkingsreiskap som majoritetsbefolkninga strukturelt brukte mot minoritetar.

Nyrasismen

Utfordringa for Immigranten­kollektivets analyse var at dei oppfatta Noreg som ein del av eit globalt undertrykkingssystem som ytra seg rasistisk, samstundes som nordmenn ikkje opplevde seg sjølve som rasistar, og i det store og heile tok vel imot flyktningar og innvandrarar, då sett vekk frå rasistar ytst til høgre.

Denne utfordringa vart lettare å møte etter utgjevinga av Martin Barkers The New Racism (1981), som gjorde greie for eit utvida rasismeomgrep. Barker ville vise at dei politiske høgrekreftene hadde gjeve opp den biologiske rasismen etter at han var blitt diskreditert av nazismen, men no førte han vidare på kulturelle premissar.

Nett som den biologisk baserte rasismen hadde hevda at menneska var biologisk determinerte, hevda den kulturelle rasismen at menneska var kulturelt determinerte. Om menneske blir like forma og fanga av «kultur» som av «rase», kan «kultur» nyttast på same måte som nazistane hadde nytta «rase» som makt- og undertrykkingsreiskap.

Gjennom dette omgrepet om nyrasisme eller kulturrasisme vart den usynlege rasismen mykje lettare synleg. Ideen om at det var «naturleg» å kjenne fråstand til etnisk framande menneske, stod fram som identisk med ideen om essensielle skilnader mellom grupper, og dermed vart snakk om «kulturforskjellar» avkledd og stod fram som basert på rasistisk tankegods.

Den gamle, biologisk baserte rasismen vart omkoda til innvandringsmotstand basert på idear om at innvandrarar kunne vere så kulturelt «framande» at det utelukka assimilering i vertssamfunnet på kort tid eller i større mengd. Slike idear om kultur som skilje mellom menneske vart omtala som omkoda rasisme.

Denne analysen fekk ikkje noko beinveges gjennomslag i norske fag- og presse miljø, slik Nydal ser det. Mange oppfatta teorien om nyrasisme eller kulturrasisme som for ekstrem.

Men filosofen Ragnar Næss skriv i artikkelen «Den teoretiske veien til fortrengning av rasismen» frå 1999 at det i røynda kom1 eit seinare gjennomslag, fyrst i Regjeringens handlingsplan mot rasisme 1998–2001, der rasisme i all hovudsak vart definert etter innhaldet i Barkers nyrasismeomgrep og slik dette hadde vore oppfatta i Immigranten-miljøet.

I innvandringsdebatten òg er det lett å finne døme på at eit utvida rasismeomgrep vann fram. Då kommunalminister Leif Haraldseth i 1987 føreslo å nytte anleggsbrakker som mellombels løysing på bustadproblemet for asylsøkjarar, meinte Khalid Salimi, som no leidde det nye Antirasistisk Senter, det var leitt at «slike rasistiske fordommer finnes helt oppe i regjeringen».

Anette Thommesen i NOAS kalla framlegget «rasistisk». Klassekampen såg på Haraldseths utsegn som eit døme på «den nye rasismen» som ikkje nytta omgrepa til den klassiske rasismen, men i praksis ville stengje menneske ute, skape syndebukkar og opprette gettoar. Også statsminister Erna Solbergs utsegn om «religiøs rasisme» frå 2018 kan førast attende til eit utvida rasismeomgrep.

Fruktene

Men koplinga mellom innvandringsmotstand, rasisme og nyrasisme sprang òg ut av den konkrete gatekampen mellom militante grupper på venstre- og høgresida. Danninga av det nynazistiske Norsk Front i 1975, bombeattentat og brannstifting mot Oktober-bokhandlarar i 1978 og terroren mot Faglig 1. mai-fronts tog i Oslo i 1979, førte til at AKP(m-l) og frontorganisasjonen deira, Enhet Mot Rasisme, kunne nå langt ut over eigne rekkjer når dei mobiliserte til kamp mot rasisme. Dei høgreekstreme gjorde det mogeleg for venstresida å mobilisere store delar av samfunnet i eit konfliktbilete som var dominert av politiske yttergrupper og skreiv seg frå eit verdsbilete svært få trudde på.

Eit avgjerande gjennombrot for den antirasistiske rørsla kom i 1983, då Sagene skule fekk ein bombetrussel i samband med barnetoget 17. mai, knytt til at born frå etniske minoritetar skulle gå i toget (VG 11. mai 1983). Det førte til ein allianse mellom venstreaktivistar og vanlege borgarar som reagerte med avsky mot valdstrugsmåla mot born.

Mens antirasistiske aktivitetar til då hadde vore noko av ein spesialitet for Klassekampen, vart Sagene-saka dekt i ei samla presse som omtala om norsk rasisme frå eit antirasistisk perspektiv, skriv Nydal.

Blir hovudstraum

Den same prosessen skjedde med Immigrantenkollektivet, som gjekk frå å vere ei usynleg ideologisk kjerne til å leie danninga av Antirasistisk Senter, som vart opna i 1984 under ei eiga antirasistisk veke i Oslo 11.–17. mai. Arrangementet fekk omfattande dekning i dei store media.

Antirasistane gjekk frå å vere randfigurar til å bli fortropp for storsamfunnet. Særleg truslane mot innvandrarborna på Sagene skole førte til at både pressa og politikarane tok same posisjon som avantgardistane i AKP(m-l) og Immigrantenkollektivet.

Ei samanlikning som Nydal gjer mellom hovudartiklar skrivne av AKP-leiaren Sigurd Allern (Klassekampen 19. mai 1983) og Arbeidarparti-nestoren Per Brundvand (Arbeiderbladet 17. mai 1983), syner at den noko modifiserte antirasismen til venstresida fall saman med ein skjerpa nasjonalismekritikk i det «normale» politiske miljøet.

Brundvand snakka om «et ufordragelig nasjonalt hovmod» hos nordmennene som ikkje var «kultiverte mennesker» i høg nok grad til å leve fredelig saman med «nokre få tusen innvandrere på egen jord», og skildra dette som «et nasjonalt problem» som kravde at «vi nå tar oss selv i nakken og bevisst går inn for å rydde bort alle rasistiske tendenser, både i våre omgivelser og i oss selv».

Førestillinga om eller innsikta i at rasistiske haldningar var eit problem i det norske samfunnet, ser med andre ord ut til å ha spreidd seg frå den heimelaga protestavisa Immigranten og ml-organet Klassekampen til regjeringsorganet Arbeiderbladet.

I 1985 tok Arbeidarpartiet inn «en kraftinnsats mot rasisme og diskriminering» som eit element i valkampen. Året etter fekk Radio Immigranten Fritt Ords honnørpris. Midt på 1980-talet hadde såleis den antirasistiske saka vorte til ei sak for heile ålmenta.

Kaj Skagen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den gamle, biologisk baserte rasismen vart omkoda til innvandringsmotstand.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis